Høns i himmelen

Høne i himmelen.
Høne i himmelen.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Fyrste gong eg vitja øyriket Hvaler i Østfold, forstod eg: Hit ville eg komme att resten av livet. Hvaler er staden der skuldrene dine fell til ro, same kor stressa du er. I tjue år var eg fast gjest på Knatten, der Johan og Annemarta Borgen i si tid heldt hus og skreiv legendariske bøker – Johan prislønte noveller, epistlar og romanar, Annemarta kulturhistoriske bøker om mat, roser, fisk og hagestell.

Så er eg så heldig å ha vener på naboøya Vesterøy òg. Dei eig eit gamalt skipperhus med 25 mål tomt ved sjøen. For nokre år sidan fekk dei sett i stand eit hønsehus, som kvart år blir fylt opp av nye generasjonar høns. I år fekk venene mine seks høns gratis av ein storprodusent. Assistenten som kom med hønsa, trudde tydelegvis at dei skulle dumpast rett i gryta og bli til frikassé, ikkje tene som verpehøns. Dei seks forpjuska eksemplara hadde nesten ikkje fjør på kroppen, og det blei klart at i hakkeordninga blant dei 45.000 hønsa i det enorme anlegget, var desse seks aller nedst. Dei hadde verkeleg fått mykje juling.

Dei blei likevel plasserte i pappkasser og varsamt frakta i bil og båt til det nye livet. Om høns har ein religion der dei blir fortalde at det på den andre sida finst eit lova land som flyt av mjølk og honning, så blei desse religiøse førestillingar oppfylte. Dei kom jo frå ein produksjonshall med titusenvis meir eller mindre vennleg innstilte medhøns, eit helvetes bråk og eit inferno av mobbing, til eit fredeleg hønsehus i idylliske omgjevnader. Dei trur nok dei har kome til hønsehimmelen. Kvar dag kjem matfar eller matmor med økologisk hønsefôr og freistande matrestar. Store, saftige blad frå vindruene på husveggen går ned på høgkant. Vil dei ut og spankulere, kan dei fritt gå kvar dei vil, på blomstereng, blant frukttre, rips- og stikkelsbærbuskar, spanande kratt med bregnar og høgt gras. Ja, dei er i hønsehimmelen.

Ikkje mange dagar etter framkomsten var dei trygge og husvarme, og etter nokre veker begynte fjøra å gro ut att. Kvar morgon legg dei eitt egg kvar, og alle som har fått verkeleg ferske egg frå høns som trivst og får godt fôr og stell, veit kor vedunderleg det smakar.

Kunstnarane som tok over Knatten, Eva Lange og Erik Frisch, var sjølvsagt også elskarar av god mat. Den vidgjetne tre dagar lange pinseutstillinga deira blei halden i gang frå slutten av åttiåra og inntil nyleg, med hjelp av vener som arbeidde friviljug. Når utstillinga stengde klokka 18 kvar dag i pinsa, benka alle seg på langbord ut mot havet i rein Skagen-stil. Menyen var alltid fast: Fyrste dag reker naturell, med loff, majones og sitron. Andre dag krema fiskesuppe kokt på krafta frå rekene, der éi av grytene blei tomatisert. Tredje dag spagetti bolognese. Og til dette kom sjølvsagt vin i kunstnarlege mengder.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement