JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Høns i himmelen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høne i himmelen.

Høne i himmelen.

Foto: Wikimedia Commons

Høne i himmelen.

Høne i himmelen.

Foto: Wikimedia Commons

5667
20200124

Matmonsen

Dagfinn Nordbø elskar mat og skriv om det i ti spalter for Dag og Tid. Del 3

Hønseætta

I 2004 blei genomet til høns kartlagt. Mange vart overraska då forskarane kunne slå fast at hønsa er dei næraste levande slektningane til den drustelege Tyrannosaurus Rex («Tyrannisk kongeøgle»). Ei høne, sjølv om ho er velfødd og feit, veg jo sjeldan meir enn nokre få kilo, og Tyrannosaurus Rex kunne bli meir enn tolv meter lang, tre og ein halv meter høg og nå ei vekt på seks til åtte tonn. Dette er nok ei viktig årsak til at det er spelt inn mange fleire Hollywood-filmar om T-Rex enn om høns.

Om vi deler hønsa likt blant menneska på jorda, ville kvart einskilt menneske ha tre høns. Dette ville vore ei velsigning for alle, og ikkje minst Lars Sponheim, som frå Stortingets talarstol framførte mottoet «Kvar mann si høne». Vonde tunger påstår at dette er det mest konstruktive som nokon gong er sagt av ein Venstre-mann. Det einaste kontinentet utan høns er Antarktis, og det er sikkert hønsa glade for. Vatikanstaten har heller ikkje høns, men held dei på pavens sommarresidens i Castel Gandolfo.

Kva med eit blått egg til frukosten? For 500 år sidan blei ein søramerikansk hønserase smitta av eit virus. Infeksjonen førte til ein mutasjon som trigga konsentrasjonen av pigmentet biliverdin, som i sin tur resulterte i at hønsa byrja å produsere blå og grøne egg. Når det gjeld dei mykje vanlegare brune egga, er dei dyrare, av den enkle grunn at hønsa som legg dei, er større. Og større høns må ha meir mat. Elles har fargen på egga ingenting å seie for næringsinnhaldet. Og det er som vi veit, perfekt.

Kjelder: Wikipedia, The Chicken Encyclopedia, eatthis.com

Lytt til artikkelen:

Fyrste gong eg vitja øyriket Hvaler i Østfold, forstod eg: Hit ville eg komme att resten av livet. Hvaler er staden der skuldrene dine fell til ro, same kor stressa du er. I tjue år var eg fast gjest på Knatten, der Johan og Annemarta Borgen i si tid heldt hus og skreiv legendariske bøker – Johan prislønte noveller, epistlar og romanar, Annemarta kulturhistoriske bøker om mat, roser, fisk og hagestell.

Så er eg så heldig å ha vener på naboøya Vesterøy òg. Dei eig eit gamalt skipperhus med 25 mål tomt ved sjøen. For nokre år sidan fekk dei sett i stand eit hønsehus, som kvart år blir fylt opp av nye generasjonar høns. I år fekk venene mine seks høns gratis av ein storprodusent. Assistenten som kom med hønsa, trudde tydelegvis at dei skulle dumpast rett i gryta og bli til frikassé, ikkje tene som verpehøns. Dei seks forpjuska eksemplara hadde nesten ikkje fjør på kroppen, og det blei klart at i hakkeordninga blant dei 45.000 hønsa i det enorme anlegget, var desse seks aller nedst. Dei hadde verkeleg fått mykje juling.

Dei blei likevel plasserte i pappkasser og varsamt frakta i bil og båt til det nye livet. Om høns har ein religion der dei blir fortalde at det på den andre sida finst eit lova land som flyt av mjølk og honning, så blei desse religiøse førestillingar oppfylte. Dei kom jo frå ein produksjonshall med titusenvis meir eller mindre vennleg innstilte medhøns, eit helvetes bråk og eit inferno av mobbing, til eit fredeleg hønsehus i idylliske omgjevnader. Dei trur nok dei har kome til hønsehimmelen. Kvar dag kjem matfar eller matmor med økologisk hønsefôr og freistande matrestar. Store, saftige blad frå vindruene på husveggen går ned på høgkant. Vil dei ut og spankulere, kan dei fritt gå kvar dei vil, på blomstereng, blant frukttre, rips- og stikkelsbærbuskar, spanande kratt med bregnar og høgt gras. Ja, dei er i hønsehimmelen.

Ikkje mange dagar etter framkomsten var dei trygge og husvarme, og etter nokre veker begynte fjøra å gro ut att. Kvar morgon legg dei eitt egg kvar, og alle som har fått verkeleg ferske egg frå høns som trivst og får godt fôr og stell, veit kor vedunderleg det smakar.

Kunstnarane som tok over Knatten, Eva Lange og Erik Frisch, var sjølvsagt også elskarar av god mat. Den vidgjetne tre dagar lange pinseutstillinga deira blei halden i gang frå slutten av åttiåra og inntil nyleg, med hjelp av vener som arbeidde friviljug. Når utstillinga stengde klokka 18 kvar dag i pinsa, benka alle seg på langbord ut mot havet i rein Skagen-stil. Menyen var alltid fast: Fyrste dag reker naturell, med loff, majones og sitron. Andre dag krema fiskesuppe kokt på krafta frå rekene, der éi av grytene blei tomatisert. Tredje dag spagetti bolognese. Og til dette kom sjølvsagt vin i kunstnarlege mengder.

Eit anna kunstnarpar som var kjent for matstellet sitt, var forfattaren Gertrude Stein og veninna Alice B. Toklas frå USA. Dei serverte blant mange andre Salvador Dalí, Henri Matisse og Ernest Hemingway. Dalí sjølv var i matvegen kjend for favorittretten sin: sjøkreps i sjokoladesaus.

Det er sjølvsagt ikkje merkeleg at kunstnarar tek andre vegar òg når dei lagar mat. Kunsten er til for å sprengje grenser. Og har du tilgang til ferske egg, som kunstnarvenene mine på Hvaler, kan du jo like godt prøve deg på oppskrifta frå Toklas kokebok, Egg Francis Picabia. Då rører du saman åtte egg med litt salt. Hell dei i ein kasserolle og set han over svak, svak varme. Rør i egga med ein gaffel medan du sakte tilset 225 gram (!) smør i ørsmå mengder. Prosessen tek ein halv time. Sjølvsagt ekstravagant, men gløym aldri ordtøket: Du skal prøve alt i livet ditt, éin gong. Synest du det vert for mykje, prøv deg heller på «kinesiske egg», ei oppskrift Tokla fekk av ein ven, baron Sir Francis Rose: Kok egg i fem minutt. Fjern skalet varsamt og kok i sherry i fem minutt. Ha egga i ein kasserolle med smør og tre store matskeier soyasaus. Kok under lok til dei er mørkebrune.

Bon appétit!

Dagfinn Nordbø

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis