Holbergprisen til rasismeforskar

Den britiske kulturforskaren Paul Gilroy får Holbergprisen 2019.

Denne veka vart det kjent at Paul Gilroy får Holbergprisen 2019. Prisen vert delt ut i juni.
Denne veka vart det kjent at Paul Gilroy får Holbergprisen 2019. Prisen vert delt ut i juni.

– Gilroy er ein modig, inspirerande og transformativ forskar, og arbeida hans rører ved mange av vår tids mest presserande spørsmål, seier leiaren av Holbergkomiteen, Hazel Genn, i ei pressemelding.

Paul Gilroy er professor i amerikansk og engelsk litteratur ved King’s College London og vert av Holbergjuryen skildra som ein uredd antirasist. Forskinga hans har hatt mykje å seie for ei rekkje fagfelt, inkludert kulturstudiar, kritiske rasestudiar, sosiologi, historie, antropologi og afroamerikanske studiar.

Han har gjeve ut fleire bøker og er særleg kjend for There Ain’t no Black in the Union Jack (1987), The Black Atlantic: Modernity and Double Consciousness (1993), Against Race (2000) og Darker than Blue: On the Moral Economies of Black Atlantic Cultures (2010)

– Gilroy held fram med å utfordre tenkinga rundt rase og set stadig fram alternative modellar for menneskeleg sameksistens, skriv juryen i grunngjevinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement