Historier frå nabolagetForfattar Katrine Sele budde i nærleiken av eit asylmottak i fleire år. Ein dag bestemte ho seg for å banke på døra.

Forfattar Katrine Sele budde i nærleiken av eit asylmottak i fleire år. Ein dag bestemte ho seg for å banke på døra.

Katrine Sele banka på døra til Jølster Hotell og møtte flyktningane på mottaket. Det har det blitt bok av. Her saman med Hala Mtan.
Katrine Sele banka på døra til Jølster Hotell og møtte flyktningane på mottaket. Det har det blitt bok av. Her saman med Hala Mtan.
Publisert

– Kjensla av ikkje å vere ein del av noko, å føle seg unyttig og retningslaus, var det dei opplevde som verst, fortel Sele om møtet med flyktningane på mottaket. Historiene deira er no utgitt i bokform: Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak.

Éin gong var den hundre år gamle sveitsiske villaen i Vassenden ein turistmagnet. Men for å møte den aukande flyktningstraumen blei hotellet i 2010 omgjort til asylmottak. På mange måtar har møtet med den norske landsbygda komme som eit sjokk på mange av bebuarane.

– Ei somalisk-etiopisk jente blei heilt forfjamsa over alt frå trafikklys til tomatar på boks. Ho kom frå landsbygda, med stråtak og jordgolv og matlaging på bål. For henne var det som å ha reist hundre år fram i tid, fortel forfattaren.

Naboforholdet blei bok

Sele har tidlegare skrive biografiar om kunstnar Oddvar Torsheim og musikar Kenneth Sivertsen. Med Jølster hotell fortel ho historier frå sitt eige nabolag. Men historiene var godt skjulte, og det tok lang tid å komme inn på personane bak.

– I fleire år hadde det budd hundre personar i nabolaget mitt som eg ikkje visste noko om. Det var stor avstand mellom flyktningane og oss lokale; dei var ikkje ein del av kvardagen i bygda. Etter kvart blei eg nysgjerrig på korleis livet på eit asylmottak var, særleg over lengre tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement