Henrik Ibsen provoserer framleis– Ho er fråstøytande og tiltalande på same tid. Det er uråd å vere likegyldig til ho, seier Helga Guren.

– Ho er fråstøytande og tiltalande på same tid. Det er uråd å vere likegyldig til ho, seier Helga Guren.

Helga Guren skal spele Hedda Gabler på Rogaland Teater.
Helga Guren skal spele Hedda Gabler på Rogaland Teater.
Publisert

Helga Guren gjorde inntrykk då ho spelte djevelen i stykket Sonny på Rogaland Teater i 2012. Sidan har ho vore med i fleire andre stykke, mellom anna som Nora i Et dukkehjem. I februar er eit av Henrik Ibsens andre kjente skodespel, Hedda Gabler, også å sjå på teateret, med Guren i rolla. Begge framsyningane har tatt historia inn i det 21. hundreåret.

– Det er inspirerande å få høve til å utvikle eit kunstnarisk samarbeid i ein ny tekst, men frå same dramatikar. Hedda har lenge stått for meg som ei tiltalande, fråstøytande og mystisk rolle, og eg liker å forstå, forsvare og elske henne, på godt og vondt.

– Kvifor er Hedda Gabler ein så stor og gåtefull rollefigur, trur du?

– Verdspremieren på Hedda Gabler var i München 31. januar 1891. Ibsen var sjølv til stades på premieren, som ikkje var særleg vellykka. Kritikarane meinte at Hedda var eit sant uhyre kledd som kvinne, som eit uhyggeleg fantasifoster frå Ibsens hand. I sine eigne notat skreiv Ibsen at det fanst ein djup poesi i hennar indre. Eg trur det gåtefulle i karakteren er korleis ho oppfører seg, både mot seg sjølv om mot andre: Ho handlar kanskje ut frå eit mørke og mangel på evne til å elske. Gabler kan bli oppfatta som kynisk og med liten empati, men samstundes har ho evna til å drøyme. Det er umogleg å vere likegyldig til henne.

– Du skulle eigentleg bli musikar: Du meistrar både fiolin, harpe, hardingfele og song. Rogalands Avis kalla deg eit multitalent. Kvifor vart du skodespelar? Og korleis har det musikalske talentet påverka deg som skodespelar?

– Eg har alltid vore fascinert av teateret, men møtte det først som 17-åring. Det vart kjærleik ved første blikk og ingen veg tilbake. Eg jobbar framleis som musikar og songar og opplever at musikk og teater både utfyller kvarandre og har kontrastar. For meg kan det bidra til ei større kunstnarisk forståing.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement