Familie
Heime er der mor er
Få er som far, ingen er som mor.
Dette biletet av brura tok far dagen etter at dei gifta seg. Til venstre er mor.
Foto: far
– Kevin!
Augneblinken då Kate McCallister, spela av Cathrine O’Hara (1954–2026), i flyet på veg frå USA til Paris kjem i hug at ho har gløymt att sonen heime i huset, er eit kollektivt minne for generasjonen min. Der eg kjem frå, var ikkje Hjemme alene (1990) ein julefilm me berre såg i desember. Det var ein av filmane me hadde på VHS frå han kom ut, og difor ein film eg såg om att og om att året rundt.
Tenk å vera så egoistisk at du ikkje hugsar å vekkja det yngste barnet ditt før de skal på ferie, for så å koma på det i flyet, på fyrsteklasse.
Kunne det nokon gong skjedd med meg, at mor mi gløymde meg att heime slik?
Mor mi var fødd i 1952, på garden Haukanes aust i øykommunen Austevoll. Ho var yngst av fire sysken, hadde ei syster og to brør. Ho lærte tidleg å handtera framkomstmiddel med motor, hadde moped og førte båten frå Kolbeinshamn når bestemor skulle til familien sin på Lundøy.
Då mor var 17, drog ho til Stord for å ta oppkøyringa, men vart send heim med beskjed om å koma att når ho var gamal nok, og det gjorde ho.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.