Harald den store
UBÅTKAPTEINEN: «Vi kan jo ikke se den grense under vann!»
Faksimile frå NRK
Eg hugsar første gong eg lo meg forderva, eg klarte ikkje slutte å le. Eg var ti år gammal og leste På folkemunne, eit magasin med vitsar av det såkalla «folkelege» slaget. Denne utgåva baud på ein vits om ein trønder som er i beit for spikar. Dette er under krigen, og trønderen går bort til ein tysk soldat og framfører ærendet sitt med følgjande setning: «Haben sie eine spikkar åt mæ?»
Ikkje anar eg kor mykje tysk eg kunne den gongen, sannsynlegvis berre brotstykke frå krigsteikneserieblada vi las (Achtung! Schnell!). Men eg skjønte nok til å sjå det urkomiske i situasjonen.
Det at folk ikkje forstår kvarandre, at kommunikasjonen mislukkast, er ein berebjelke i humor. Alle farsar er baserte på misforståingar og forvekslingar. Det at nokon ikkje meistrar eit språk godt nok, har gjennom humorhistoria alltid vore ein suksess: Tenk berre på vår eigen Harald Heide-Steen jr., eit språkgeni av høg klasse. Ingen kunne snakke gebrokke som han, og Harald hadde ingen grenser: Han kunne emulgere kva språk som helst og få stor humor ut av det.
Da eg jobba i reklamebransjen på åttitalet, fall det på meg å skrive manus til han. Noko heilt nytt skulle bli introdusert, nemleg Teletorg: Du ringer eit nummer og det kostar ein viss sum som blir lagd til telefonrekninga. Inntektene gjekk til Redd Barna, og for aller første gong blei det norske folket oppmoda av monopolkringkastaren NRK om å ringe eit telefonnummer for å gi pengar, heilt automatisk. Løna var å høyre ei historie framført av Harald Heide-Steen jr. Ho kosta 20 kroner for første del, og så vidare opp til 100 kroner. Det eksploderte med eit drønn. Televerket, som det heitte da, var ikkje førebudd på ein så frykteleg pågang, og titusenvis kom ikkje fram på telefonen. Likevel blei det mange millionar i kassa til Redd Barna, ikkje minst på grunn av det høgt elska lingvistiske geniet Harald Heide-Steen jr.
Han kom i studio iført sedvanleg gullkjede, Rolex-klokke og tung herreparfyme. Så fekk han manuset mitt, kikka på det og sa: «Altfor langt.» Snart skjønte eg at den mannen ikkje trong manus i det heile. I så fall berre eit veldig kort manus.
Harald stod i den litle båsen med hovudtelefonar og snakka tulletyrkisk. På ein halvtime røykte han sikkert tjue sigarettar, vi kunne ikkje sjå han bak glasruta. Men han leverte varene og vel så det. Tenk på alle dei udødelege figurane han har skapt ved å snakke gebrokke: Spantax-flygaren, den russiske ubåtkapteinen, Sylfest Strutle, som parodierte nynorsk, den pakistanske vakta på Folkemuseet, «Tyristsjefen» og alle dei andre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.