Diktet
Haquin Spegel
«Spegel gjekk så langt i imitasjonen at han ikkje berre sette om dansk til svensk, men også overførte ord og gloser direkte frå Arrebos Hexaëmeron.»
Foto via Wikimedia Commons
For eit par år sidan presenterte eg diktutdrag av Hexaëmeron (frå ca. 1635, prenta i 1661) av Anders Arrebo. Dette diktet er ein dansk versjon av La Sepmaine (1578) av Guillaume de Salluste Du Bartas, eit episk dikt om Guds skaping av verda.
Arrebo blir kalla far til dansk-norsk renessansepoesi. Arrebo var biskop i Trondhjems stift. Der gjennomførte han bispevisitas i Nord-Noreg og lét seg fascinere av nordnorske landskap og havdyr, som han skreiv om i diktet. Han var difor den viktigaste inspirasjonskjelda til Petter Dass då sistnemnde skreiv Nordlands Trompet mellom 1670 og 1700.
Det finst òg ein annan skandinav som imiterte Anders Arrebo: den svenske biskopen og diktaren Haquin Spegel (1645–1714). Spegel skreiv òg eit episk dikt om Guds skaping av verda, Guds Werk och Hwila (1685), på 11.000 versliner. Spegel gjekk så langt i imitasjonen at han ikkje berre sette om dansk til svensk, men også overførte ord og gloser direkte frå Arrebos Hexaëmeron.
Og som kanskje Dag og Tid-lesarane hugsar, florerer det av norske ord hjå Arrebo. Somme av dei tok Spegel òg over, som diktutdraget nedanfor syner. Desse verslinene handlar om fiskane i havet og er henta frå kapittelet «Femte Dagens Arbete/ Om/ Fiskars och Foglars/ Skapelse».
Spegel skriv at dei fiskeslaga han nemner, er frå Austersjøen, men nokre av namna som fylgjer, avslører at dei tvert imot er frå Nord-Noreg. Det er Arrebos fiskeliste som gøymer seg bakom dette diktsitatet. «Bergefisk» er fisk som er turka på berget, altså klippfisk. Det er altså ein variant av det som blir nemnt litt lenger ned, «stockfisk», det er turrfisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.