Minneord
Hans Rotmo (1948–2024)
«Det er eit før og eit etter Vømmøl Spellmannslag.»
Hans Rotmo var ein flåkjefta rabulist og provokatør, skriv Audun Skjervøy.
Fantoft studentby i Bergen tidleg i 1980-åra: Vi hadde besøk av ein amerikanar på gangen i høgblokka, sat og høyrde på musikk, diskuterte og lanserte omgrepet trønderrock for gjesten. Vi spelte Prudence, Terje Tysland og Åge Åleksandersen for han. Og vi spelte dei ulike Hans Rotmo-konstellasjonane som hadde gitt ut plate fram til da: Vømmøl Spellmannslag, Arbeidslaget hass K. Vømmølbakken og Heimevernslaget.
Gjesten vår var ikkje i tvil. Dersom noko skulle kallast trønderrock av det vi spelte for han, måtte det vere den heilt eigenarta sounden til dei gruppene Hans Rotmo stod i spissen for. «That’s something unique», sa han.
Banebrytande
Valldal 24. oktober 2024: Eg sit og jobbar på kontoret og tek den vanlege runden i dei digitale avisene. Brått dukkar ei melding opp: Hans Rotmo er død. Han sovna fredeleg inn etter lang tids kreftsjukdom.
Eg set på meg hovudtelefonane, leitar fram dei gamle platene (i ei strøymeteneste på nettet i den moderne tida vår) og begynner å spele dei. Tekstane sit framleis som eit skot. Eg syng med. Kjenner på vemodet, men samtidig på gleda over å ha blitt kjend med livsverket til ein banebrytande og briljant tekst- og melodikunstnar og for å ha fått vere med på ferda gjennom femti år – via Ola Uteligger, teaterstykke, bøker og til årets vømmølplate, Vømmøl kommune.
Trønderrocken
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.