Han var solidarisk
PO Enquist skildra dei store filosofiske konfliktane og dei menneskelege avgrunnane, men mista aldri interessa for det dagsaktuelle, skriv venen Olle Svenning.
Dei siste åra tala Per Olov Enquist mykje om det å døy, men alltid i ein lett tone, skriv Olle Svenning. Her er Enquist fotografert i heimen sin i Vaxholm i 2013.
Foto: Magnus Wennman / Aftonbladet / NTB scanpixFoto: Magnus Wennman / Aftonbladet / NTB scanpix
PO Enquist bar alltid med seg ei lite flaske med nitroglyserin til tenniskampane våre: «Om noko skulle hende meg, får du rive opp kjeften på meg og drype medisinen i munnen.» Hjartet hans var ikkje til å lite på, sjølv om legar hadde utvida blodårene hans.
PO la livet sitt i mine ekstremt upraktiske hender. Nitroglyserinflaska var ein del av kamptaktikken hans. Flaska skulle åtvare meg: Hald tempoet nede, ikkje slå for mange lange backhandballar og absolutt ikkje ein einaste stoppball. Kampar, også i vår aldersklasse, laut vinnast, det var vi samde om.
Vi varma aldri opp. PO ville straks byrje å rekne poeng, game, set, match. Heile livet og forfattarskapen hans er gjennomsyra av rekning, måling, resultat og av analysar av kva som gjekk feil eller kan hende rett. Han elska idrett; den redda meg ut av einsemda, sa han.
Men det vart ikkje nokon lagidrett for han. I staden vart det den mest einsame av idrettsgreiner: høgdehopprekorden hans var 1,97 i saksestil. Han var evig firar etter Benke Nilsson, Rickard Dahl og Stickan Pettersson.
PO førestilte seg, i det minste som idé eller utopi, at idretten kunne vere autonom og berre finnast i ei verd der fridom herska, der veltrena føter rørte seg stilt over gras og løpebanar, hopparar streva etter det beste treffet på planken, utøvarar målte seg med dei ytste krava i si idrettsgrein. Idrettsverda skulle vere «eit framandt land der ein berre kunne kvile i kvalfiskens buk».
I Sekonden prøver PO ut idrettens prestasjonskrav og moral på sleggekastargiganten Eric Umedalen, som var aktiv i 40- og 50-åra og sterk tilhengar av tesen om at store konkurransar krev store resultat. For å minimere risiko kasta Umedalen med ei slegge som var 450 gram for lett. Han vann, sette svensk rekord, men jukset vart avslørt, og den folkelege forakta og dei moralske regelvaktarane i idrettsrørsla knekte Umedalen. Men Enquist synte langmod, som han alltid gjorde med dei utstøytte, dei elendige: «Umedalen var den same fine idrettskameraten som da eg møtte han for tjuefem år sidan», skreiv PO etter eit møte med den aldrande sleggekastaren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.