JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Han var solidarisk

med dei utstøytte

PO Enquist skildra dei store filosofiske konfliktane og dei menneskelege avgrunnane, men mista aldri interessa for det dagsaktuelle, skriv venen Olle Svenning.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei siste åra tala Per Olov Enquist mykje om det å døy, men alltid i ein lett tone, skriv Olle Svenning. Her er Enquist fotografert i heimen sin i Vaxholm i 2013.

Foto: Magnus Wennman / Aftonbladet / NTB scanpix Foto: Magnus Wennman / Aftonbladet / NTB scanpix

22030
20200515

Per Olov
Enquist

Fødd i Hjoggböle i Västerbotten i 1934

Døydde 25. april 2020 i Vaxholm

Debuterte med romanen Kristallögat i 1961

Gjennombrot med Magnetisørens femte vinter i 1964

Fekk Nordisk råds litteraturpris for Legionærene frå 1968

Brukte ofte dokumentariske verkemiddel i romanane sine

Skreiv òg dramatikk, reportasjar og filmmanus

PO Enquist bar alltid med seg ei lite flaske med nitroglyserin til tenniskampane våre: «Om noko skulle hende meg, får du rive opp kjeften på meg og drype medisinen i munnen.» Hjartet hans var ikkje til å lite på, sjølv om legar hadde utvida blodårene hans.

PO la livet sitt i mine ekstremt upraktiske hender. Nitroglyserinflaska var ein del av kamptaktikken hans. Flaska skulle åtvare meg: Hald tempoet nede, ikkje slå for mange lange backhandballar og absolutt ikkje ein einaste stoppball. Kampar, også i vår aldersklasse, laut vinnast, det var vi samde om.

Vi varma aldri opp. PO ville straks byrje å rekne poeng, game, set, match. Heile livet og forfattarskapen hans er gjennomsyra av rekning, måling, resultat og av analysar av kva som gjekk feil eller kan hende rett. Han elska idrett; den redda meg ut av einsemda, sa han.

Men det vart ikkje nokon lagidrett for han. I staden vart det den mest einsame av idrettsgreiner: høgdehopprekorden hans var 1,97 i saksestil. Han var evig firar etter Benke Nilsson, Rickard Dahl og Stickan Pettersson.

PO førestilte seg, i det minste som idé eller utopi, at idretten kunne vere autonom og berre finnast i ei verd der fridom herska, der veltrena føter rørte seg stilt over gras og løpebanar, hopparar streva etter det beste treffet på planken, utøvarar målte seg med dei ytste krava i si idrettsgrein. Idrettsverda skulle vere «eit framandt land der ein berre kunne kvile i kvalfiskens buk».

I Sekonden prøver PO ut idrettens prestasjonskrav og moral på sleggekastargiganten Eric Umedalen, som var aktiv i 40- og 50-åra og sterk tilhengar av tesen om at store konkurransar krev store resultat. For å minimere risiko kasta Umedalen med ei slegge som var 450 gram for lett. Han vann, sette svensk rekord, men jukset vart avslørt, og den folkelege forakta og dei moralske regelvaktarane i idrettsrørsla knekte Umedalen. Men Enquist synte langmod, som han alltid gjorde med dei utstøytte, dei elendige: «Umedalen var den same fine idrettskameraten som da eg møtte han for tjuefem år sidan», skreiv PO etter eit møte med den aldrande sleggekastaren.

I 1972 drog PO Enquist til OL i München. Han skulle røyne at store tevlingar opnar verdas største lyssette scene. Frå den scena kan den som har ein bodskap, om han er aldri så blodig og brutal, nå heile verda. Terroristgruppa Svart september flytta den valdelege politiske kampen frå Midtausten til olympiabyen i den sørtyske storbyen.

PO såg og skreiv.

Boka Katedralen i München inneheld dei sørgelegaste, dei mest besynderlege og dei mest underhaldande idrettstekstane som er skrivne: det bisarre møtet med den politisk galne pistolskyttaren Ragnar Skanåker, dei stillferdige samtalane med dei tragisk utslegne sovjetiske vektløftarane, og mønstringa av den apoplektiske sportsjournalisten Birger Bure som skreik heim eit gull til svømmaren Gunnar Larsson: «Gounnar, Gounnar.»

PO var intenst fanga av idrettens siffer- og teiknverd; heile livet tok han tida, til dømes når han sykla rundt sjøen ved hytta i Värmland. Han klokka inn rundetidene til kona Gunilla òg.

Tidsmanien vert skildra i eit vedunderleg avsnitt i Sekonden. Sleggekastaren og sonen Christian bestemmer seg for å sykle til kyrkja, til «herrens duka bord». Dei køyrer i rasande fart og pressar tida til nett under halvtimen. 29,15 for å vere eksakt. Ved kyrkja skilst far og son.

Det slaget oppbrot er eit tema som stadig kjem att hos Enquist, som aldri fekk møte og samtale med faren Elof, eller n’Elof som folket i bygda sa. Familien Enquist budde i Det grøne huset, som faren hadde bygt og måla før han vart rykt bort av ein alvorleg, truleg arveleg, magesjukdom. Enda ein livstragedie i Det grøne huset. Den eldre broren til PO forsvann: «Döpojken» vert han kalla i romanane. Han og faren vert bevarte på dei «likbileta» som Enquist så ofte viser til i forteljingane sine.

Seint i livet fekk PO vite at faren hadde skrive dikt, trass i at slikt var strengt forbode og heilt mot Guds, Menneskesonens og predikanten Rosenius’ vilje. Ni sider var rivne ut av notisboka til faren.

Kan hende var det sider med kjærleiksdikt som minte om den jordiske, kroppslege kjærleiken og dermed om den største skamma: seksualiteten. Eit tilbakevendande, tungt, iblant ubeskriveleg komisk tema i forfattarskapen til Enquist. Eigentleg i privatlivet hans òg. Eg kjenner ingen som så skamlaust kunne fortelje kasernehistorier og dra dårlege sexvitsar. Han var jo tilgjeven på førehand – den uskuldige småguten frå landet.

Han voks opp med ein klar moralregel: Ein lyt manne seg opp og pansre seg mot det kroppslege. «Eksistensen av ei bru mellom underkastinga i trua og det mest forbodne» måtte det ikkje eingong ymtast om. PO bad sikkert om nåde før han bar ut Åhléns & Holms postordrebrosjyre med bilete av underklede til utedassen. Han tok òg med seg eit foto av «dronning» Sibylla. Ein kunne manne seg ned, så å seie, løyse litt på panseret, ei stund med frigjeving opna seg.

Det grøne huset vart stelt og styrt av Maja, mor til PO. Ho heitte eigentleg Maria. I det fattige Västerbotten rådde matriarkatet. Mennene var borte i lange periodar, ved saga, i skogen, på vegane, og når dei kom heim, var dei trøytte og slitne i kroppen av tungt arbeid. Dei måtte kvile.

«Eg sørgde aldri over at eg vart så tidleg farlaus.» Han hadde mor si, og han slapp dei jamføringane og den kampen som så lett oppstår mellom far og son. Det sa PO ofte. Så la han til: «Eg har alltid vilja leve med sterke kvinner.»

Maja var sterk heilt inn i døden. Når sonen sit ved sida av den døyande, sjuke og tyste mor si, kviknar ho brått til – i ein svært kort augneblink: «Ikkje tørk av på lenestolen», formanar ho sonen som sat ved sjukesenga og klissa med sjokoladekaka si.

Maja var ei stateleg kvinne; ho var lærarinne, dessutan from til det ytste. Ho song ofte solo under gudstenestene i Det gule bedehuset, nabo med Det grøne huset, den geografiske plasseringa blir ofte opplyst av PO.

Alt som svært ung katalogiserte han, fekk orden på og teikna inn verda si på kart. Sentrum på jorda var Hjoggböle, delt inn i to delar. Den eine var from og der budde familien Enquist. Hjoggböle vart verande verdas sentrum for PO.

Religionen i den fromme delen av bygda var streng: pietistisk, farga av den herrnhutske idéarven som vart utmeisla av vekkingspredikanten Rosenius. Den religiøse bodskapen vart framført i Hjoggböle av forkynnaren James Lindgren. Namnet hans skulle «uttalast som det står».

Mykje vart sagt og forkynt om blod, skam, kjære Jesus og såret i sida på Menneskesonen, der det fanst plass for dei djupt truande. Forsamlinga vedkjende seg syndene sine, og den som ikkje hadde gjort seg skuldig i noka synd, fekk finne på ei. Den unge PO tok straffa si og bad om nåde, også for dei karamellane han aldri hadde stole. Når løgna vart oppdaga, vart han straffa ein gong til. Men da av rette årsaker.

Rett før 80-årsdagen sin fortalde PO at han frykta skjærselden reint bokstavleg: å bli steikt i feitt. I Västerbotten var Gud nemleg ein straffande far som alle andre fedrar. Og Menneskesonen hadde jo så mykje anna å stelle med at det var ikkje rart han ikkje hadde tid til guten i Det grøne huset.

Guten fekk kommunisere med den veldige åndelege verda på eiga hand. På utsida av Det grøne huset var det festa telefonleidningar, og dei stod i direkte kontakt med heile universet. I vinternetter hylte og kvein leidningane. Da spela himmelharpa over den vesle västerbottniske grenda. Tonane frå den veldige harpa kunne vere vakkert melodiøse, men òg sørgmodig dumpe som da Eeva-Lisa og det vesle barnet forsvann.

I romanane til Enquist, heilt inn i dei undertekstane han elska å snakke om, kan ein skilje ut eit triangel som er danna av from frikyrkjeleg tru, utopisk idrettsrørsle og arbeidarrørsle, mild og reformistisk. PO vandrar i og mellom desse verdene, iblant freista han slå dei i hop.

Guten Nicanor i Musikantenes uttog går over frå det fromme til sosialismen, og det vert skildra svært vakkert og svært overraskande. «Eg trur ein må ha opplevd den totale, glasklare og lokkande brutaliteten til den indre einsemda for å skjøne kor naudsynt sosialismen er.»

Sosialismen kom til det frikyrkjelege Västerbotten i byrjinga av 1900-talet. Bodberaren var agitatoren Johan Sanfrid Elmblad. Vitjinga hans er skildra i Musikantenes uttog. Elmblad skulle tale til arbeidarane i Bure, emnet var sosialdemokratiet og røysteretten. Han kom ikkje langt. Dei fromme og nøysame arbeidarane batt han fast i eit tre og fylte munnen hans med meitemark. Orda hans skulle stoggast og kjeften hans fyllast igjen.

Enquist lèt eit varsamt sosialt skifte hende i forteljinga. Dei gudfryktige arbeidarane vert fornedra av selskapet, skulda for latskap og for å liggje arbeidsgjevaren til last. Ei arbeidarforeining blir danna, uavhengig sjølvsagt, heilt utan kopling til LO. Arbeidarane skal vere frie og ikkje byggje solidariske fellesskap.

Nicanor anar likevel ein komande sosial kamp, det er åra rundt storkonflikten i 1909, og sender på nytt bod på agitatoren Elmblad, ombodsmann med dårleg økonomi, for mange born og ei kone som jamrar og dessutan er utru. Elmblad er svak og vert freista av den kristne fellesskapen. Tru, religion, ideologi, alt kan bytast ut.

«Du er hol, Elmblad», seier Nicanor. Han er likevel tilgjevande og følgjer med det moralen til PO. Menneske kan ikkje vere «støypte i eitt stykke», dei må ha brestar, veikskapar, dei må kunne kjenne smertepunkta. Nicanor følgjer agitatoren ned i helvete, eller i det minste til dassen og mishandlinga. Bure-arbeidarar skjer sund tunga til Nicanor, han skal aldri kunne bli agitator.

Også PO Enquist gjekk inn i togna etter romanen om agitatoren og den vesle kristne västerbottniske fellesskapen. Han var på veg til å søkke, og følgde med auga rørsla nedover; ho vart styrt av spriten. Han kunne framleis skrive, mest teater.

PO hadde oppdaga den eineståande evna si til å avlytte og skrive dialogar. Han fortalde ein gong, med sin vanlege ironi, om metoden sin: «Du veit, eg tek inn på Sigtuna, stengjer meg sjølv inne på eit rom, og hentar nokre figurar som eg kjenner, og som får samtale med kvarandre, plage kvarandre, søkje forsoning. Etter eit par døgn kjem eg ut med eit kammerspel.»

Han hadde hatt eit dundrande gjennombrot som dramatikar alt i midten av 70-åra. Han hadde stengt inne Strindberg, Siri von Essen, Marie David og Viggo Schiwe i eit rom og late dei gjennomleve ei forferdande natt. Det vart fleire drama, og så satirar saman med Anders Ehnmark.

Men det blir ingen romanar, i alle fall ingen massive, tunge forteljingar som før. Styrtet engel er unntaket, men som PO pla seie, berre ein kort, liten tekst. Litteraturvitaren Thomas Bredsdorff, POs evige ven, har gjort ei respektlaus samanfatning av den kompliserte romanen: «Briljant idéhistorisk analyse av korleis ein bør forstå toleranseproblemet, og handtere Sverigedemokratane utan å misse hovudet.»

Formuleringa til Bredsdorff samanfattar skikkelsen PO Enquist. Han skildrar dei store filosofiske konfliktane i Europa, dukkar ned mot dei menneskelege avgrunnane, ber om nåde for dei elendige, men er samstundes stadig oppteken av dagens politikk, intrigar i dei ulike maktapparata og av gjengs sladder.

Med dei talenta vart PO hyra inn som programleiar på fjernsyn. Han tok betablokkarane sine og stilte spørsmål til Olof Palme og Vilhelm Moberg og kven som helst som kom inn i studioet.

Etter det eg kan minnast, forlét han aldri den glødande interessa for debatten. Eg gjer da unntak for fire år og to månader, tidsrommet er sjølvsagt nøyaktig gjort greie for i eit par av bøkene til PO.

Nokre av desse åra budde han i ein sjuromsbustad på toppen av ein eigedom på Champs-Élysées i Paris. Han sokk stadig djupare, ingen ting vart skrive, med unntak av nokre korte tekstar i løpet av ein eller annan edru time om føremiddagen. Sidan låg promillegehalten på mellom 1,9 og 2,2. PO målte opp, rekna ut, som serietabellar.

Eg budde i Paris i same perioden, og vitja PO nokre gonger. Som alle andre sa eg vel at utsynet var fantastisk med Triumfbogen og det heile. PO hata både utsynet og gjestene. PO heldt seg til katta si; han har alltid elska dyr. «Dei held meg ikkje ansvarleg.»

Han hadde blitt feit og sokk jamt snøggare. Ingen skjøna kvifor. «Ein lyt halde på løyndomane, elles er ein ikkje menneske», skreiv PO lenge etter, då vi hadde slutta spørje og han hadde sloppe ut frå behandlingsapparatets lokale, tenestemenn og psykologar som han avskydde over alt anna.

Psykologane finst i bøkene hans og er iblant blitt kalla magnetisørar. Dei var sjarlatanar som ville sjå inn i hjernen hans, demontere personlegdomen hans, tvinge på han ei ny åndeleg tru (Minnesota-programmet), mobbarar. Og dei øydela livet hans. Han flykta og var på veg mot døden. Han vart redda av kaptein Nemo og undervassbåten hans, Nautilus.

PO hadde lese om Nemo i Den løyndomsfulle øya av Jules Verne. Det var ei av dei tolv bøkene som fanst hos guten i Det grøne huset. Kaptein Nemos bibliotek er, meiner eg, Enquists aller beste roman: skriven av ein forfattar med absolutt gehør. Ei språkleg skimrande vakker forteljing om barndomen, om tragedien med forbytingar, om den naudsynte menneskelege solidariteten med dei aller mest elendige, om å overleve.

Han skriv om Alfild som blir råka av ulykker, inn i døden fastspend som ein hest, og om den unge Eeva-Lisa, som lyt ofre både seg sjølv og barnet sitt. Den dagen ho og den nyfødde forsvann, vart vedbua farga raud av blod. Guten, som heldt den unge jenta med selskap, var med da den døde gutekroppen vart kasta i vatnet.

Det siste kapittelet i romanen er kalla «Gjenoppstode». Guten finn att livet sitt djupt inne i Nemos båt. Der finst biblioteket, likbileta og alle dei tusen lappane som fortel om livet til guten, om Hjoggböle og menneska der. Forteljingane gjer han fri frå det mest uhyggelege, frå dødguten, frå onkel Aron, frå den trua som krev så mykje av han. Han kan til slutt, etter seksten døgn i «grotta til dei døde kattane», ro bort frå Nautilus. «Eg rodde og eg var fri. Det var jo dit ut eg måtte attende, men fri.»

Etter Kaptein Nemo treng eg ikkje skrive fleire romanar, har PO Enquist sagt, og den siste setninga i romanen lyder som ei samanfatting av ein forfattarskap: «Slik var det, det var slik det gjekk til, dette er heile historia.» Ei einfaldig utsegn, sa PO seinare.

Etter tida med alkoholen, behandlingsinstitusjonane, dødsdrifta og frykta for døden, kunne Enquist skrive att, og han hadde, trur eg, nærma seg svara på dei livsgåtene han alltid kjempa med.

Den eine lyder: «Ein lyt jo få det til å ha ei meining. Elles kan ein jo bli reint fortvila.»

Den andre handlar om å få alt «lagt i hop». Hendingar, røynsler, forteljingar i livet må føyast saman og få meining: «Det må bli lagt i hop.»

PO hadde halde ut plagene og smertene, og han hadde erobra enda ein ny livsvisdom: «Utan smertepunkta er vi ingen ting, berre døde.» Temaet blir så ofte utforska i dramatikken til Enquist. I Bildmakarna plagast den opphøgde, elska og hylla Selma Lagerløf av minna sine: farens alkoholisme, medskulda, heimen som vart sett over styr av faren.

Så mykje av POs forfattarskap tek for seg den utstøytte, den fordømde, som blir nøydd til å utstå lidinga i smertepunkta, «uslingen», den mannen eller kvinna som treng nåden vår, forståinga vår.

Han skriv: «Eg trur iblant at kvart menneske ein gong i livet burde tvingast til å vere ein forrædar. Da ville ein betre forstå dei aller ytste uslingane. Dei det er vanskelegast for. Men har ein vore ein slik ein, da veit ein betre kva eit menneske er, og da kan ein forsvare dei.»

PO er alltid solidarisk med dei som omverda kallar forrædarar. Han granskar nøye skulda til den danske kommunistleiaren Aksel Larsen: Kunne han ha gjort noko anna? Kunne han ha nekta å avsløre namna på dei mennene som gjorde motstand mot nazistane? Han har forståing for den aldrande Knut Hamsun, medløparen som mot slutten av livet blir ein av dei elendige – ein forvirra gubbe som skitnar seg til. Max von Sydow gestaltar Hamsun utruleg godt i filmen til PO og Jan Troell.

I Kaptein Nemos bibliotek viser PO omsut for onkel Aron, den skjegløygde, streikebrytaren og valdtektsmannen som forgrip seg på den unge Eeva-Lisa, trykkjer seg mot henne. Ho freistar roe han ned ei stund, men kan ikkje verje seg mot den uhyggelege valdtekta.

Skulda er uhøyrd, grenselaus. Aron borar hol i isen, fyller ryggsekken med stein. Han høgg og høgg, men råka vert ikkje stor nok. Han må låne eit spett for å bryte til det holet der den forvridne kroppen hans skal senkast ned.

Han trur ikkje lenger på det trøystande omkvedet som finst i romanen: Det er alltid noko som er betre enn døden.

PO delte denne bodskapen med alle som var nær han. Det gjaldt òg dei venene som stod på stranda på den andre sida og vinka til han at han måtte kome. Eg kjenner ingen som kjem opp mot PO når det gjeld omsut for å vitje sjuke eller døyande vener. Han sat ved sjukesengene, sa ikkje så mykje, men kom i hug, og han var solidarisk. Ikkje «miskunnsam», for det «er eit ord vi ikkje lenger orkar bruke, ikkje eingong i svevnlause netter», skriv PO.

Dei seinaste åra tala vi mykje om døden eller snarare det å døy. Men alltid i ein lett tone; slik var det alltid med PO. Om redsla for å miste kontrollen over livet sitt, kroppen sin, tankane sine. Vi tala om sjølvmord, om onkel Arons heroiske kamp mot isen; den må bort så han kunne senke den deformerte kroppen sin ned i havet, bort frå synda og skamma.

Men oftast handla samtalane våre om dagspolitikk, småsladder, bøker, filmar og vêret; sola skein alltid over PO, om han var i Vaxholm, på Söder, på Rivieraen eller Kanariøyane: «Jævlig fint vêr, ikkje ei sky. 23 grader, 24 i vatnet.» Han kunne stundom få for seg å deklamere T.S. Eliots The Waste Land. PO kunne store delar av diktet utanåt. Elles forakta han eller gjorde narr av danningsjåleri.

PO vart, sjølv om han ville blitt forferda over uttrykket, ein vis mann, alltid fri for moralisme, men ikkje for sentimentalitet og ironi. Han hadde jo opplevd alt, og røynslene fanst lagra i biblioteket hans og på minnelappane hans.

Han gav oss til slutt nøklane til forfattarskapen sin, Lignelsesboken, og til livet sitt (likevel ikkje det løynlege) i Et annet liv. Han angra, fortalde han meg, på eit sentralt avsnitt i Lignelsesboken, samleiet på det kvistfrie furugolvet da den middelaldrande kvinna frigjer den unge guten frå uskulda.

Det finst, trur eg, mange misoppfatningar om PO Enquist. Til dømes er det mange som førestiller seg at han var ein utprega politisk forfattar, til og med venstrerevolusjonær. Han var alltid fascinert av politikk, men ikkje nødvendigvis av politiske ideologiar. PO ville vite korleis politiske vedtak blir til.

Det er det spørsmålet han undersøkjer i Legionærene, dokumentarromanen om utleveringa av dei baltiske flyktningane. Tage Erlander var vitskremd for boka, det hugsar eg fordi eg formidla kontakten mellom han og PO. Men PO hadde aldri som mål å levere noko moralsk rekneskap mot samlingsregjeringa; han ville undersøkje korleis ministrane tenkte, på kva grunnlag dei gjorde vedtak, korleis omverda (Sovjet) reagerte. Han følgde dei utleverte baltarane og deira lagnader, og var til og med kurer for aldrande baltiske motstandsmenn.

PO var ein mild sosialdemokrat, forstøkt over alle former for fundamentalisme, kristen som politisk. PO stod heilt framand for det revolusjonære venstre, studentbyokkupantar så vel som Raude armé-fraksjonen. Han føretrekte dei små politiske stega, dei som endra kvardagen for «vanlege folk». Dei som «såg langt» var alltid klare til å ofre menneske, «knuse skallar» for å realisere dei store måla sine. Skiferiestaden Idre, vinteren 1986, var for han den verkeleggjorde utopien. Stille fellesskap, vakre folkelege hytter, ABF-kurs og skispor med vernemadrassar kring furuleggene, «tryggleiksfaktor 9». Det var i Idre PO fekk vite at idyllen var knust, at «sjelene våre var fryste til is». Palme var myrda. PO skrev sørgesongen over folkhemmet, og sidan gjekk han i gang med å kartlegge udåden, korleis det gjekk for seg. Han sprang strekninga mellom mordplassen og Centralen og tok tida – sjølvsagt. Han las rapportar, følgde rettsmøte og registrerte, tydelegare enn andre, Palme-hatet.

«Eg er sosialdemokratiet,» sa PO. Ikring han kunne dei krinse: departementshøgre eller sentimental venstresosialisme. Partiet og ideologien var trygt forankra hos PO.

Han fekk iblant for seg at han ville ha ein ordentleg jobb, sjef for Dramaten, til dømes. Til all lykke slapp han det, og fekk dermed tid til å skrive dei store forteljingane sine om Blanche og Marie, om Lewi Pethrus og om livlegen. Romanar som er spreidde i større opplag over heile verda enn verka til nokon annan svensk notidsforfattar.

POs grunnleggande tema kjem attende, om enn i 1700-talsmiljø og tidleg 1900-tal. Korleis stiller trua seg til vitskapen? Kan idear frå opplysingstida forvandle eit samfunn? Kan kjærleiken sigre over det menneskelege forfallet?

PO skreiv vakkert om døden: «Så kan hende døden blir sist: ikkje den som kjem i livet, men den siste. Som når mamma byter laken og det kjennest tørt og varmt att, fuglane søv, snølyset varmar, og eg kan sovne.»

Olle Svenning

Olle Svenning er journalist og forfattar.
Han arbeidde i mange år for Aftonbladet,
og har skrive ei rekkje biografiar om svenske politikarar. Svenning arbeidde òg for stats-
minister Tage Erlander i 1960-åra.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Heile livet og forfattarskapen hans er gjennomstrøymde av rekning, måling, resultat og av analysar av kva som gjekk feil eller kan hende rett.

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis