JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

«Han liker ikkje når det blir snakk om kor små føter han har»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

3047
20240216
3047
20240216

Tomt for ved (2)

Tor er på veg mot vedhuset, men det ser ut som han har tatt skoa til Hjalmar, det var dei som stod laglegast til. Han har trødd ned hælen på begge, og det blæs og regnar endå meir no, slik meldingane sa det skulle gjere. Midt i tunet mister han høgreskoen. Tor stoppar, bøyer seg, snur skoen som ligg opp ned i den blaute grusen, og trør nedi på nytt. Han skundar seg vidare, utan jakke eller noko på øyra, berre kledd i den grå strikkegenseren han arva etter mannen til syster av Ragnhild.

– Tor har teke skoa dine, ropar eg frå gangen.

– Det er ikkje fyrste gongen, svarer Hjalmar.

– Du og Tor har ganske like sko?

– Jau, dei er vel omtrent same typen.

– Då er det ikkje rart han tok feil.

– Mine er mykje større.

– Eg har lagt merke til det, ja, seier eg.

Ragnhild plar trekkje i han og seie at føtene slutta å vekse etter han fylte ti. Då freser Tor godt. Han liker ikkje når det blir snakk om kor små føter han har.

– Det skal godt gjerast å ta feil sko, seier Hjalmar.

– Alt er ikkje som det skal vere med den guten.

Frå vindauget ser eg at Tor smett inn i vedhuset.

– Tor skal hente ved, seier eg.

– Det ser slik ut, svarer Hjalmar, utan å sjå ut av vindauget.

– Han hadde ikkje med seg noko å bere i.

– Nei, eg la merke med det.

Telefonen ringjer. Det er Ragnhild.

Eg har «Smoke on the Water» med Deep Purple som ringjelyd og lèt som vanleg riffet gå ein runde før eg svarer.

Ragnhild ropar at eg må setje steikjeomnen på 220 grader med det same, ho er på butikken og snart på veg heim att med eit par brett kyllingvengjer me skal ete når ho kjem, så legg ho på, utan at eg får sagt noko om den tomme vedkorga eller Tor som ikkje klarer å høyre etter når me snakkar.

Hjalmar seier at det skal bli godt, sjølv byrjar eg å bli lei heile kyllingvengjene. Eg blir mest uvel berre av å tenkje på dei ekle klumpane og det seige skinnet, for ikkje å snakke om den svarte strengen som vel er ei blodåre. Men beskjed er beskjed, og eg gjer som Ragnhild har sagt, vrir på over- og undervarme og set termostaten på 220 grader.

Når eg kjem inn i stova att, oppdagar eg skandalen: Det eg trudde kom til å hende, har hendt. Det har dauda heilt i omnen. Og kvar blir det av Tor? Kor lang tid går det an å bruke på å hente inn litt ved?

Men så høyrer me lyden av nokon som opnar ytterdøra, dei små føtene til Tor trampar inn, og døra blæs att med eit smell bak han. Han er blaut i håret og har fanget fullt av vedskier, heilt opp til haka. Tor kjem inn i stova, går bort til omnen og slepper vedskiene ned i korga med eit brak, skulle tru det var om å gjere å bråke mest mogleg. Dei to som hamnar utanfor korga, lèt han berre liggje. Kva er det eigentleg han trur? Er det noko han prøver å bevise overfor meg og Hjalmar eller Ragnhild? Strikkegenseren er full av rusk, bork og størkna kvae, og det drysser ned på golvet. Det ligg vedrusk etter han heilt ut i gangen og truleg heile vegen ned mot vedhuset. Men verken eg eller Hjalmar seier noko.

Framhald

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis