Gyv laus på tidsåndaMed albumet vil punkbandet Honning-barna skildre kaoset og forvirringa i samtida vår.
Med albumet Voldelig lyd vil punkbandet Honning-barna skildre kaoset og forvirringa i samtida vår.
Trommeslagar Nils Jørgen Nilsen (t.v.) og vokalist og cellist Edvard Valberg i det plateaktuelle bandet Honningbarna.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
Bandet frå Søgne vart raskt populære då dei entra den musikalske scena i Noreg i 2010. Med sitt røffe uttrykk, raske tempo og tekstar framførte på sørlandsdialekt vann Honningbarna både Spellemannprisen i rockeklassa og bandkonkurransen Zoom Urørt, så vel som publikums gunst. Låtar som «Fri Palestina», «Prinser av Sarajevo» og «Borgerskapets utakknemlige sønner» viser at Honningbarna er uredde og til tider radikale i stilen. I desember er bandet aktuelt med det sjette albumet sitt, Voldelig lyd. Ifølge vokalisten sjølv, Edvard Valberg, skil dette albumet seg mykje frå det førre.
– Goldenboy frå 2016 var meir intenst og frenetisk, mens vi prøvde ut andre ting på det nye albumet. No er det valdeleg lyd til ei valdeleg tid.
– Kva vil de formidle med plata?
– Vi vil formidle noko ærleg om korleis det er å leve i tida vi lever i. Trass i at stemninga i verda no er meir giftig, forvirrande, absurd og kald enn ho har vore på lenge, høyrest ho ikkje ut som det. Musikken rundt oss høyrest framand ut, og vi vil gjere noko anna enn det.
– Korleis har Honningbarna utvikla seg sidan 2010?
– Bandet starta ved at vi var ein gjeng 17-årige kompisar på musikklinja som begynte å spele i lag. Eg trur musikarar er meir ømfintlege for utvikling enn andre. Kvar gong ein musikar gir ut ei plate, er plata ein stor del av vedkommande, som ser på det som nyskaping og ei stor forandring, mens det knapt blir fanga opp av andre. Med andre ord er vi ikkje dei rette folka å spørje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.