Gyldendal svarar om heimefronten

Gyldendal Norsk Forlag er styrkt i synet på at debatten om Hva visste hjemmefronten? i stor grad spring ut frå usemje om tolking, skriv forlaget i eit brev til etterkomarane.

Reidar Mide Solberg, forlagssjef for sakprosa i Gyldendal, har leidd gjennomgangen av Michelet-boka.
Reidar Mide Solberg, forlagssjef for sakprosa i Gyldendal, har leidd gjennomgangen av Michelet-boka.

I mars gjorde Gyldendal det klart at forlaget ikkje vil trekkje Marte Michelets bok Hva visste hjemmefronten? frå marknaden, slik etterkomarar av motstandsfolk har kravd.

Grunngjevinga då var at dokumentasjonen og funna i boka vart oppfatta som så omfattande og viktige at utgjevinga måtte vere offentleg tilgjengeleg, trass i at det var avdekt feil, særleg om Carl Fredriksens Transport (CFT).

CFT berga mellom 800 og 1000 flyktningar over til Sverige i 1942 og 1943 og vert i boka urett skulda for å vere driven av eit profittmotiv, noko Michelet har orsaka.

No har Reidar Mide Solberg, forlagssjef for sakprosa i Gyldendal, sendt eit brev til etterkomargruppa ved talsperson Bjørn Gjelsvik der han gjev ein statusrapport om forlagets arbeid med Michelets bok.

– Tolkingsusemje

I brevet kjem det fram at forlag og forfattar dei siste månadene har hatt ein omfattande gjennomgang av kritikken mot Michelets bok, utført av ei arbeidsgruppe i Gyldendal, leidd av Solberg sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement