JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Guten som ikkje ville handhelse

Kor skal grensa gå når ein elev bryt med det forventa av religiøse eller kulturelle årsaker? Ei hand på eit hjarte vart opphav til bråk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4449
20230707
4449
20230707

Eleven tok seg til bringa og strekte ikkje fram handa då skuleleiaren ville takke han av etter ti års skulegang. Då tok rektor tak i armen hans og drog. Deretter heldt ho ein spontan tale: «Folkens, vi bor i Norge, og vi kan ikke ha det sånn. Foreldre, vi bor i Norge. [...] Dere skal jobbe med norske kvinner, ellers lykkes dere ikke i Norge.»

Det vart bråk i det sekulære Noreg: Dette gjekk ikkje an. Alle må helse på alle, sjølv om det i nokre muslimske praksisar blir sett på som synd at ein mann rører ved ei kvinne han ikkje er gift eller i slekt med.

Sa denne hendinga noko om noko som helst anna enn rektoren sin moral som ramla ut på den store scena?

Overreaksjonen til læraren er avslørande og forvirrande. Ho er frustrert, handlar i affekt. Ho snakkar til «foreldre», meiner ho foreldra til guten eller alle foreldra i salen med søner som ikkje vil helse på kvinner?

Noko må liggje bak.

Som ved dei fleste TikTok-klipp som tek av, ser vi ikkje heile biletet. Kontekst er taparen på sosiale medium. Kanskje har handhelsing på lærarar vore ei betent sak på denne skulen i lengre tid?

Og gutar med ein annan kultur enn den norske må sjølvsagt vere like respektfulle mot kvinnelege som mot mannlege lærarar. Respekten for læraren i skulen kan ikkje variere med kjønn, religion eller kultur.

Men kor skal grensa gå når ein elev, av religiøse eller kulturelle årsaker, ikkje berre vel å bryte med det forventa, men også reknar med å bli møtt med forståing frå samfunnet? Er det mogleg å finne løysingar når forventingane frå skulen og personlege overtydingar kolliderer?

Mangt har vorte ordna med opne dialogar og sunn fornuft i dette landet: Fotballklubbar tek omsyn til muslimske spelarar når dei fastar eller må be på tidspunkt då dei eigentleg skal vere tilgjengelege for sportsleg aktivitet.

Forbodet mot ansiktsdekkjande plagg i undervisningssituasjonar kom i 2018. Det er eit sjølvsagt forbod: Både lærar og elevar må kunne sjå andletet til kvarandre. Tilrettelegging for bøn varierer frå skule til skule. Elevane har ingen rettar knytte til å få be i skuletida, og må vente til friminuttet. Nokre skular legg til rette for eit stillerom som elevane kan bruke.

Skulen har tiårs røynsler med ei pragmatisk tilnærming til slike grensetilfelle. Det var vel difor vi vart overraska over denne rektoren. Ho var ti, femten år for seint ute.

Det bør vere mogleg å ta omsyn til elevar som ikkje vil helse på kvinner, dersom skule og heim på førehand har hatt ein skikkeleg dialog med dei borna og ungdommane dette gjeld.

Om vi skal sjå heile opptrinnet i lys av alle mediesakene i etterkant, er «konfrontasjon» overskrifta. Konfrontasjon mellom islam og det sekulære Noreg. Konfrontasjon mellom personleg tru og allmenn folkeskikk. Konfrontasjon mellom muslimsk minoritet og etnisk norsk majoritet. Konfrontasjon mellom moden ungdom og umoden vaksen. Handhelsing vart gjort til ein identitetsmarkør på båe sider.

Men vart det ikkje lagt vel mykje i dette manglande handtrykket? Og vil vi ha det slik at handhelsing skal vere ein identitetsmarkør på om ein er norsk?

Den personlege fridommen vi alle har til å bruke kroppen vår til det vi vil, må stå fast.

Menn som ikkje vil handhelse på kvinner, er ikkje eit stort problem i samfunnet. Ein treng ikkje tolke det som ein personleg provokasjon. At ein rektor dreg ein ung mann i armen, er neppe representativt for norske rektorar. Men ja: Ein rektor som utbasunerer eigne skikkar i eit offentleg rom, gjer eit sterkare inntrykk enn ei roleg hand på hjartet.

Det er heller ikkje sant at om ein ikkje handhelsar på kvinner i arbeidslivet, får ein ikkje jobb, sjølv om ein nok blir lagd merke til, og ikkje på ein positiv måte. Det er diverre fleire andre glastak i arbeidslivet. Tenk berre på alkoholkulturen på jobb, som kanskje er ein identitetsmarkør på om nokon er «ein av oss». Tenk på namna du helst ikkje skal ha om du vil kome på intervju.

Det som må avgjerast no, er kor grensa skal gå for kjepphestane til skuleleiarar, og kva former for respekt for kvinnelege lærarar som er forventa av elevane.

Då må vi lytte til dei elevane som ikkje vil handhelse på kvinner, og vi må lytte til kvinnelege lærarar som ikkje kjenner seg respekterte.

Eskil Skjeldal er forfattar, teolog og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis