JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Gull i grøne skogar

Har du ikkje høyrt om Tommy Strengelsrud, som tok NM-gull no i juni, pluss sølv i lagkonkurransen – aleine? Då er du ikkje sportsfiskar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tommy Strengelsrud i eit av fleire yndlingselement: Pasvikelva, nær grensa til Russland, med aure.

Foto: Niklas Strengelsrud

7985
20230707
7985
20230707

Meitefiske

marita@dagogtid.no

Det er ein del smale noregsmeisterskap for tida: gateritt, hiphop, feltpistol og undervassrugby, blant anna, og det Tommy Strengelsrud sigra i: trad. meite – tradisjonelt meitefiske. Det er meir vanleg å drive med det dei kallar moderne meite, men trad. meite går for å vere den eldste og mest utbreidde forma for fiske.

– I moderne meite får du tildelt ein plass, og der sit du, med ei 13 meter lang stong, i fire timar, forklarer Strengelsrud, som har deltatt i VM fem gonger.

– I trad. meite får du gå kor du vil, så då handlar det ikkje om flaks. Kunsten blir å finne fisken.

I dag er det berre i Noreg, Sverige og Finland at ein konkurrerer i trad. meite.

– Noreg er uansett ein miniputtnasjon. Dei som leier an, er franskmennene, italienarane og britane. I Storbritannia er det tre millionar meitarar.

Bushen

Små idrettar kostar fort meir enn dei kastar av seg. Strengelsrud jobbar som snikkar og er i tillegg avisbod. Han leverer altså Dag og Tid, blant anna. Det har han gjort sidan han var 16 år.

– Eg står opp klokka to og leverer aviser, og så går eg på jobb. Slik finansierer eg fiskinga, fortel han under ein pause i bygginga av eit hus langt aust i landet, der alt ein ser, er skog.

Han bruker ikkje helgene på hagearbeid og middagsselskap; han fiskar.

Vinn han, vankar det sjeldan særleg meir enn ein medalje.

– Det meste eg har vunne, er 15.000 kroner. Det var i Dorotea. I Lappland. Så då køyrde vi 80 mil. Konkurransen er nedlagd no. Det er synd, for alle likte seg så godt der. Vi sat langt inne i bushen og fiska.

Det monnar knapt, 15.000.

– Ei god fiskestong kostar opp mot 50.000.

Det blir som i ski- og sykkelsport: Vil du bli god, kjøper du det beste.

– Men i utgangspunktet er tradisjonelt fiske billig og enkelt. Du treng ei stong, ein stol og eit vatn.

Det var i Selåsvatn, på grensa mellom Åmli og Vegårshei, at han tok NM-gullet, med ein fangst på 175 fiskar, totalt 9862 gram. (Sølvvinnaren tok 5476 gram.) Strengelsrud vann NM i fjor òg, i Dølisjøen i Sør-Odal, mot 70 andre.

– Eg er ganske fersk i trad. meite og blei med for moro skyld, så då var det ekstra kjekt.

Døgnet rundt

Det er altså ferskvatn som tel. Strengelsrud bur rett nok eit stykke frå kysten: i Kongsvinger, der han har fiska i sportsfiskeklubben Raufjøringen sidan han var tenåring.

– Korleis var det du blei biten av basillen?

– Pappa tok oss med og fiska, meg og bror min, og vi likte det og blei med i SFK Raufjøringen. På det meste var vi 400 medlemmer, med klubbhus og temakveldar og eigen buss. Det var ein bra stad å vere. No har det snudd. No er vi rundt 30. Det blir mindre rekruttering i alle former for fiske. Det er synd, fint som det er å vere ute i naturen.

Den tre år yngre broren, Niklas, som er regjerande noregsmeister i moderne meite, fiskar i dag i SFK Acerina i Askim, men dei to fartar ein del i lag, året rundt, særleg i Sverige, men også i Polen, Italia og Belgia, blant anna.

I sommarferien skal Tommy og ein kamerat fiske i Pasvik. Og så skal dei til Lofoten, til Værøy, der dei fiskar kvar sommar, ein gjeng. Sei, torsk og kveite.

– Dei andre tar fly, mens eg køyrer opp med kassebilen full av utstyr.

Ein annan tradisjon er å fiske karpe i Skara Sommarland før dei opnar.

Og så må dei konkurrere, ferie eller ei.

– Vi har ein konkurranse i Orsa i Dalarna. Der har eg som mål å slå Niklas. Han har vunne to år på rad. Og så er det ein 24-timarskonkurranse i Emsen. Der er eg på lag med ein svensk meister.

– Då søv du vel litt, der du sit?

– Det er lett å duppe av, når det blir mørkt og ein ikkje ser stongtuppen. Men det er ikkje lurt. Ein klarer ikkje å hente seg inn igjen.

– Eg las at du tok 449 kilo brasme på 20 timar ein gong, i Mjøsa.

– Ja, då gav dei andre opp.

Naturvern

I trad. meite handlar det om å få mest mogleg fisk med naturleg agn. Noregsmeisteren tok i år 167 åborar og 8 aurar.

– Korleis gjekk du fram for å vinne?

– Eg studerer kart og flyfoto for å få oversikt over grunner, kantar og øyer. Eg planla å gå ut til ei øy, men det blei for djupt, så eg måtte tenke nytt. Eg enda med å vasse ut til eit skjer, til brystet, og fekk stå uforstyrra. Kor fisken står, varierer frå dag til dag og frå sjø til sjø, men no stod han djupt, på 2,40 meter. Ein kan testfiske inntil sju dagar før, men det er så mykje som speler inn. Høgtrykk og lågtrykk, til dømes.

Strengelsrud tipsar gjerne konkurrentane undervegs.

– Eg liker å dele det eg lærer.

Kunsten ligg òg i agnet: kva type og kor mykje mark og maggot. I moderne meite kan ein legge ut ein feeder – ei ørlita korg med fôr. Fisken kjem etter ei tid, kanskje ein time, og et partiklane, deretter fôret, og bit på. Dette er ikkje lov i tradisjonelt meitefiske.

Det er heller ikkje lov å sleppe fisken ut igjen etter ein konkurranse. Tidlegare hadde ein fisken i eit keepnet, men i 2020 kom det ei endring i lakse- og innlandsfiskelova: No må ein hive fisken ut igjen så fort ein har fjerna kroken. I konkurransar, der ein jo veg fisken til slutt, må ein derfor avlive han. Dette er ein særnorsk regel.

– Det handlar om naturvern, fortel Strengelsrud.

Ein vil ikkje risikere at ei bøtte fisk hamnar ein stad der han ikkje høyrer heime, og formeirar seg.

– Men vi har jo ingen intensjonar om å spreie fiskeslag. Vi fiskar for å ha det moro og vil helst ha fisken i keepnet og sleppe han ut igjen. Og vi bruker så tynne krokar at han kjenner lite. Ofte bit han på ein gong til, like sterk.

Vanilje

Strengelsrud understrekar at fisken blir kverna og gitt til dyr.

– Når vi får fleire hundre kilo, er det bra han blir brukt til noko fornuftig.

Norsk Meiteunion (NMU) er opptatt av at ein skal behandle fisken, liten eller stor, med respekt. Agnet skal bestå av naturleg, næringsrik og fordøyeleg fiskemat, og fisken skal i utgangspunktet sleppast ut igjen.

– Kan du ikkje ete fisken sjølv?

– Veg dei over to kilo, slepper vi dei ut igjen. Dei har gode genar. Sjeldne fiskar, som karpe, slepper vi alltid ut igjen. Mindre matfiskar kan vi ete. Og eg bør ete meir fisk, men er meir glad i kjøt.

– Du må vel vere i god form, når du konkurrerer så mykje?

– Ja, i trad. meite går vi ein del rundt. Og så blir det mange kast. I isfiske blir det mykje boring. Eg kan bore 100 hol i ein konkurranse. Får eg ikkje napp innan eitt minutt, flyttar eg meg 20–30 meter og borar eit nytt hol. Vi kan kaste ned fôr, og då gjeld det å bruke si eiga, hemmelege blanding. Det finst ulike essensar og fargevariantar. Sjølv liker eg vanilje. Vi varierer mellom mormyska eller pimpel, ein trekrok, lokkemeite eller tafs…

– Unnskyld, no blei det mange ord her. Mormyska?

– Det er ein russisk metode der ein markerer holet med to pinnar. Det er òg ei eiga grein der også gjedda tel. Eg tok faktisk gull i NM i mormyska no i mars. Eg slo bror min. Han blei nummer to. Eg håpar på ein plass i VM i Mongolia.

Tidenes selfie

Endå eit mål er VM i isfiske i USA om to år.

– Tenker du aldri: «Kva er det eg driv med?»

– Jo, når det er 15–20 kuldegrader. Eg vil ikkje ofre fingrane for ein hobby når eg treng dei i jobben. Men eg har aldri kjeda meg. Det er ikkje artig om ein ikkje får napp. Tida går sakte. Men det er godt. Vere ute. Høyre fuglane kvitre.

– Og når det er sommar og varmt tar du eit bad?

– Nei, skal eg bade, blir det for å posere i lag med ei to meter lang kveite, i overlevingsdrakt. Eg har fått nokre store. Eg fekk ei på 42 kilo, 1,60 lang. Så eg veit kor sterke dei er. Det blir tidenes selfie.

– Du reiser nærmast kvar helg. Er du gift?

Strengelsrud ler.

– Nei, eg bur aleine. Eg er vel litt for glad i fiske.

Han vil fiske så lenge han kan, legg han til. Så må han tilbake til husbygginga.

Etter jobb ventar kvile og søvn. Mens andre enno sitt oppe og feirar dei lyse nettene, sprett han opp for å levere aviser for å få råd til å reise til VM.

– Vi har jo berre eitt liv.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis