Guillous alternative 1968Jan Guillou har hatt tryggingstenesta påkopla telefonlina og ei undergruppe av terrororganisasjonen Rote Armee Fraktion på døra. No har han skrive bok om 1968 – ein alternativ sjølvbiografi.
Jan Guillou har hatt tryggingstenesta påkopla telefonlina og ei undergruppe av terrororganisasjonen Rote Armee Fraktion på døra. No har han skrive bok om 1968 – ein alternativ sjølvbiografi.
– Staten ville gjere oss til terroristar. Det skulle dei aldri lukkast med, seier forfattaren Jan Guillou.
Foto: Håvard Rem
«Ingen forsto at 1968 var slutten på idyllen» skriv Jan Guillou i den nyaste romanen sin, 1968.
Han har kalla boka ein alternativ sjølvbiografi og boka om året som har gjort han til den han er. Når han då avsluttar romanen med å la hovudpersonen – hans «alternative eg» – be kjærasten «hilse så mye til hennes gjenfunne journalistveninne Ulrike Meinhof», opnar det for nokre spørsmål.
Men det er ikkje så lett å starte med dei når eg møter den 73 år gamle svenske forfattaren på Kaffistova i Oslo ein onsdag føremiddag i november. Så vi startar ein annan stad.
Guillou er midt i den delen av året der han reiser rundt og snakkar om seg sjølv, som han seier. Den andre halvdelen av året trekkjer han seg tilbake på hytta på landet, skriv åtte timar om dagen og trenar éin time kvar dag. Med over 50 bøker i forfattarskapet har han god rutine på det. Neste bok – om 70-talet – har alt teke form i hovudet. Der vert det meir om Meinhof, stadfestar Guillou.
– Utover 70-talet kjem alle vesteuropeiske land utanom Sverige og Noreg til å verte råka av terrorisme. Tyskland er mest kjend, men det skjer òg i Italia, Frankrike, Belgia, Nederland og til og med i Danmark. Då finst det grunn til å forklare, og det skal eg skal gjere, kvifor det ikkje vart slik i Sverige og Noreg.
Som journalist og politisk engasjert på venstresida var han sjølv frå 1968 og framover med på å avsløre ulovleg telefonovervaking av seg sjølv og andre på svensk venstreside, og forsøk på infiltrering frå den statlege tryggingstenesta. Avsløringane leidde til ein klar strategi for venstresida både i Sverige og i Noreg, ifølgje Guillou.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.