Mat
Grytetid
Ertesuppa er fast innslag på haustmenyen.
No som sola ikkje varmar oss, er det tid for rykande gryter.
Foto: Dagfinn Nordbø
Eg har vore i Sogn att, på det årlege Wittgensteinseminaret som går av stabelen på det segnomsuste Walaker Hotell. Det var som vanleg ein sann svir, men samstundes hadde me òg vitjing av ei hissig dame ved namn Amy.
Det var jaggu kjerring med eit helsikes humør, vi hadde knapt redda oss innafor dørene på fredagskvelden før ho lét det braka laus. Den litle ferja i Solvorn trua heile natta med å slite seg frå fortøyingane, flytebrygga ved hotellet knuste ho til pinneved i fyrstikkstorleik. Fly kunne ikkje lande, så fleire foredragshaldarar måtte returnere til utgangspunktet, og turen opp til Ludwig Wittgensteins hus i Skjolden måtte utsetjast.
Det blei nesten ei surrealistisk oppleving å sitje til bords på Walaker den kvelden, med nydeleg oppdekking, lekker mat og utsøkt vin i glaset, mens stormen rasa i all sin villskap utanfor og lampene blinka faretrugande. Omtrent som i ein film av Buñuel, tenkte eg.
Men det gjekk no bra for oss, me var vel heldigare enn folk på andre stader, der den spinngale furia velta lastebilar, røska laus takplater og bles seg opp så heftig at digre tre låg strødde bortetter. Eg såg det var målt over 62 sekundmeters vindkast på ein av toppane, det er jo ganske så friskt når orkan blir konstatert på 32, om eg ikkje hugsar feil.
Vel heime pusta eg letta ut, vi hadde hatt naturen i all si skremmande prakt på vitjing, men kom heim med alle lemmer i behald. I kjøleskapet hadde eg spart ein siste porsjon av ertesuppa mi, kokt på svineknoke, og det gav meg ei heilt eiga kjensle av tryggleik, å sitje i heimens lune vrå med ein tallerken god, gamaldags norsk tradisjonskost.
Eg hadde lenge eit mildt sagt komplisert forhold til ertesuppe.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.