Musikk
Griegs draumeverd
Pianisten Håvad Gimse frå Kongsvinger er professor ved Noregs Musikkhøgskule og har framført a-mollkonserten mellom 150 og 200 gonger.
Foto: John Andresen
– Håvard Gimse, når framførte du a-mollkonserten fyrste gongen?
– Det var i Frimurerlogen i Trondheim saman med Midt-Trøndelag Orkesterforening. Eg var berre 15 år, så det må ha vore i byrjinga av 1980-åra. Sidan har eg vel framført han ein stad mellom 150 og 200 gonger i inn- og utland. Etterspørselen etter stykket er stor, for står det på programmet, fyllest som regel konsertsalane. Eg har opplevd at utanlandske orkester gjerne vil spela konserten med norsk solist, kan hende likar dei tanken på at ein av Griegs landsmenn sit ved flygelet.
– Kor vanskeleg er han å framføra?
– Teknisk sett er han ikkje mellom dei vanskelegaste. Klaverkonsertane til Bartók, og til dels dei til Prokofjev og Rakhmaninov, er meir vrine. Griegs konsert er jo relativt kort og har ikkje fullt så mange notar, for dei fleste pianistar er han ikkje noko større problem. Men det er ikkje mange som maktar å spela han verkeleg bra.
Grieg på sitt beste
– Er det vanskeleg å finna sin eigen vri, si personlege tolking av eit så ofte framført verk?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.