Gravplassoversyn blir digitaleTusenvis av norske graver er berre registrerte på gamle papirkart.GRAVER
Tusenvis av norske graver er berre registrerte på gamle papirkart.
Norske kyrkjegardar skal bli digitale.
Foto: Gorm Kalllestad / NTB scanpix
Stedjetunet i Sogn og Fjordane gjekk opp i røyk i desember 2016. Ikkje berre gjekk ein verneverdig bygning tapt, brannen tok med seg dei einaste fullstendige karta over dei seks gravlundane i Sogndal og Leikanger. Brannen vart dermed eit varsku for styresmaktene. Kyrkjegravarar kan ikkje gjera noko på ein gravplass utan gravkart.
No har arbeidsgjevarorganisasjonen for kyrkjelege verksemder, KA, sett i gang eit prosjekt som skal tryggje norske graver for framtida: Kart over norske gravplassar skal digitaliserast.
– Då vil gravkartet kunne lesast saman med andre kart som kommunen har. Og det blir tryggare enn papir, seier Åse Skrøvset, gravplassrådgjevar i Den norske kyrkja til NRK Sogn og Fjordane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.