Diktet

«Gjennom nåløyet» av Anna Rydstedt

Ho brukar diktet til å gi seg sjølv råd, roe seg, skriv Anna Kleiva.

Publisert Sist oppdatert

Den svenske poeten Anna Rydstedt var fødd på Öland i 1928. Ho gav ut sju diktsamlingar medan ho levde; den åttande, Kore, kom like etter at ho døydde i 1994. Diktet «Gjennom nåløyet» er henta frå Marte Hukes nye gjendikting av boka med same namn. Genom nålsögat vart først gitt ut i 1989 og var den siste boka Rydstedt gjorde ferdig.

Diktet følgjer eit svekt eller aldrande eg, «med stav og krykke samtidig». Ubalansen er kanskje både fysisk og mental, eget kjenner seg langt unna seg sjølv. Ho brukar diktet til å gi seg sjølv råd, roe seg. Og som lesar kan ein berre takke for slike råd: «La beina bære angsten din,/ ikke hjertet.»

Genom nålsögat er ei diktsamling som kjempar mykje med angst. Men her i titteldiktet får også lyset og trøysta stor plass. Rydstedt manar dei fram med befalande setningar. Det er eit dikt som erkjenner mørket og insisterer på lyset, som erkjenner at ting tek slutt, og insisterer på utsyn.

Når ho skriv om håp, legg ho seg tidvis tett opptil bibelsk språk: «La lyset komme», forkynner ho i tredje strofe. Rydstedt ville opphavleg bli prest, eit ønske ho måtte gi slepp på ettersom ho var kvinne, og som ho skreiv om i debutsamlinga Bannlyst prästinna (1953).

Men håpet får også eit heilt kvardagsleg uttrykk: «Det skal gå bra», skriv poeten, to gongar, til slutt. Det er slåande at ho vågar å avslutte så enkelt. «Gjennom nåløyet» er eit dikt av motsetnadar. Slik viser Rydstedt oss at ein kan stå: vaklande, med ei støtte i kvar hand, og vite at ein er i balanse.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement