Gertrude Stein: Kva ville ho med livet?Gertrude Stein (1874–1946) var ein amerikansk-jødisk forfattar og kunstsamlar, busett i Paris mesteparten av sitt vaksne liv. Ho er mest kjend for den modernistiske litteraturen og den litterære salongen hennar i Rue
Portrettfotografi av Gertrude Stein, teke i 1934 av Carl Van Vechten.
Foto: Carl Van Vechten
Gertrude Stein (1874–1946) var ein amerikansk-jødisk forfattar og kunstsamlar, busett i Paris mesteparten av sitt vaksne liv. Ho er mest kjend for den modernistiske litteraturen og den litterære salongen hennar i Rue de Fleurus. Stein er rekna som ei drivkraft for utviklinga av moderne kunst og litteratur i byrjinga av 1900-talet, og ho hadde stor innverknad på ei rekke amerikanske forfattarar, som Ezra Pound, Scott Fitzgerald og Ernest Hemingway.
Den viktigaste boka hennar?
The Autobiography of Alice B. Toklas (sjølvbiografien til Alice B. Toklas, 1933) gjorde namnet hennar kjent utover dei smale krinsane ho vanlegvis gjekk i. I «sjølvbiografien» fortel Stein om opplevingane sine i den fargerike kunstverda i Paris mellom verdskrigane. Boka er regelrett ein hyllest til henne sjølv, sjølv om orda er lagde i munnen til veninna og livspartnaren hennar, Alice B. Toklas. Trass i sjølvskrytet fall lesarane for boka som gav eit vittig portrett av eit kreativt miljø med mange spennande personlegdommar. Boka blei ein kommersiell suksess, og er den einaste ho skreiv i konvensjonell form, med andre ord – i ein heilt annan stil enn den modernistiske som ho var talskvinne for.
Kva meinte ho om samtida?
Stein bidrog til å skape ei kunstnarleg rørsle som kravde ei ny uttrykksform og eit brot med fortida. Ho avviste kompromisslaust den lineære, tidsorienterte skrivemåten som tilhøyrde det nittande hundreåret til fordel for ein eksperimentell, prosessorientert skrivestil, karakteristisk for det tjuande hundreåret. Stein likte ikkje substantiv og adjektiv, men ho var glad i verb og adverb fordi «verb og adverb og artiklar har liv i seg fordi dei alle gjer noko, og så lenge noko gjer noko, held det seg i live». Det ho skreiv, bar preg av repetitive rytmiske forenklingar, og ho søkte eit språk som tilsvarar augeblikksbildet i filmen.
Kva innverknad hadde ho på ettertida?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.