JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2308
20180921
2308
20180921

Mariekyrkjeruinen i Oslo er opna

Ruinen etter Mariakyrkja i Middelalderparken i Oslo er ferdig konservert og vart denne veka opna. Murverket er reparert, og det er sett opp stolpar som syner kvar den fyrste trekyrkja stod. Det er òg avduka ein bronsemodell av kyrkja, slik ho truleg såg ut i år 1300, melder Riksantikvaren.

Det er Riksantikvaren og Oslo kommune som har spleisa på konserveringa av kyrkjeruinane. Mariakyrkja vart bygd fyrste gong rundt 1050, og var i starten av 1300-talet den tredje største i landet. Kyrkja brann ned i 1523 og vart riven ned i 1542. Ruinane etter kyrkja kom fyrst til syne att fleire hundre år seinare, ifølgje Riksantikvaren.

George Orwell på Unesco-liste

Den engelske forfattaren Eric Arthur Blair, kjend under pseudonymet George Orwell, skal ikkje ha teke vare på mange personlege papir eller manuskript. No er det som var att i arkivet etter han, teke inn som del av verdas dokumentarv, i Unesco-registeret Memory of the World, melder The Guardian.

Registeret skal verne om og gjere unike historiske dokument tilgjengelege. Frå før inneheld registeret dokument som Anne Franks dagbok, Magna Carta, Et dukkehjem av Henrik Ibsen og De Castbergske barnelover. Ei notatbok frå 1943 med skisse til dystopien 1984 og arbeidsnotat og dagboknotat frå då Orwell skreiv The Road to Wigan Pier, reportasjen om arbeidsforholda i industristrøka i Nord-England, er blant dokumenta i arkivet.

Svensk sjef ved Den Nationale Scene

Den svenske regissøren og skodespelaren Stefan Larsson er tilsett som ny teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen, ifølgje nettsida bok356.no. Larson har jobba som skodespelar sidan 1983. Han har tidlegare vore teatersjef for Betty Nansen Teateret i København og Aarhus Teater og kunstnarisk leiar ved Dramaten i Stockholm. I fjor sette han òg opp Shakespeares Hamlet for Den Nationale Scene i Bergen. Larson tek over som teatersjef etter Agnete Haaland 1. januar 2020.

Kritikarprisutdeling

Kritikerlaget, seksjon for teater, musikk og dans, delte torsdag ut kritikarprisane for 2017/2018. I kategorien dans gjekk prisen til Marie Bergby Handelad for Forfatterbevegelsen, Gisle Kverdokk og Bjørn F. Rørvik fekk musikkprisen for Purriot og den forsvunne bronsehesten. Teaterprisen gjekk til Johannes Holmen Dahl for Glassmenasjeriet.

eva@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis