Minneord

Geirr Lystrup
(1949­–2025)
 

Geirr Lystrup var visediktar, songar, komponist og forfattar.
Publisert Sist oppdatert

Geirr Lystrup kom til verda i Vinje 22. mars 1949 og gjekk ut av tida 19. juni 2025 i Brumunddal.

I slutten av november i fjor snakka eg med Geirr i telefonen. Han sa han sleit med ein lei lungebetennelse. Etter grundig sjekk på Lillehammer sjukehus rett før jul vart det stadfesta at det var ALS. Dette er ein grufull sjukdom, men Geirr viste styrke og takla det på ein framifrå måte. Og han sette seg eitt mål: Han ville leve til barnebarn nummer seks kom til verda. Og det klarte han! Vel ei veke etter at Embla vart fødd, døydde Geirr.

Som musikar og arrangør fekk eg gleda av å samarbeide med Geirr i fleire år. Albumet I menneskenes land (1979) var det første eg var med på. Stemningsfulle songar han skreiv etter eit år på Grønland. Songen om kjærligheta (1981) med Det Norske Kammerkor var ei samling av vakre songar om kjærleik. Etter fem år i Lom kom Ha ti dæ (1983). Her bygde han eit univers basert på sprelsk folkemusikk frå Gudbrandsdalen. I 1985 kom Diger dag, som hadde meir av eit tradband-format. I albumet Stjerna fra øst (2002) med Skruk og orkesteret Moskva Balalaika Quartet skreiv Geirr tekstar på russiske folketonar inspirerte av juleevangeliet og Maria-legender. Når det gjeld kor, bør samarbeidet Geirr hadde med Det Norske Kammerkor og dirigenten Per Oddvar Hildre nemnast. Samarbeidet resulterte i viktige bidrag til norsk korsong.

Typisk for Geirr var at det skulle vere heilstøypt. Eit album burde ha ein raud tråd! Slik sett var det naturleg at han tok til å skrive for teater. Han var ein samtidsorientert forfattar som gav stemme til dei små og undertrykte. Og vi må ikkje gløyme det han skreiv for barn! Det er ein stor og viktig del av Geirr sin viseskatt.

Geirr var visediktar, songar, komponist og forfattar, og debuterte med albumet Ti på taket og Måltrostblues i 1972. Strengeleikar kom i 1973 og dokumenterer Geirr som klassisk gitarist. Totalt gav han ut 40 musikkalbum og 30 bøker. Ein imponerande produksjon. Han mottok Spellemannprisen fem gonger, i tillegg til Prøysenprisen og mange andre prisar.

Det som gjorde mest inntrykk, var Geirr som menneske. Han slengde ikkje om seg med store ord. Med sitt lune vesen og humor var det alltid ei glede å vere saman med han. Og det han leverte kunstnarisk, var alltid skikkeleg. Tekstane og melodiane var 100 prosent. Dei var slik som han, 100 prosent: eit menneske med integritet og omsorg for andre. Ein kjernekar!

Tankane går til kona Siri, barn, barnebarn og familien elles.