Fyrer lausBritisk kultregissør byd på kuler og litt kule kommentarar.ACTION/KOMEDIERegi: Ben Wheatley

Britisk kultregissør byd på kuler og litt kule kommentarar.

Publisert

Ein IRA-ire (Murphy), ei smart dame som vil ha raske pengar (Larson), og ein tidlegare Black Panther verkar vaknast då ei brokete forsamling møtest over eit våpensal i ein forlaten fabrikk i Boston i 1978. Typegalleriet inkluderer verdas mest irriterande sørafrikanar anno apartheid og eit knippe totale idiotar. Det må skjera seg. Litt sleivete skitkasting og det smell.

Skurkestrekar

Skot og smått smarte replikkar sit laust. Stilisten Ben Wheatley held heile handlinga i hallen der handelen hender. Smale rammer er greitt, for paret Wheatley og Amy Jump er normalt ikkje smålåtne med innfall i manus. Dei fyrer laus med vendingar og vanvyrdnadsord. Frå første scene verkar krampeprega kommentarar meint å nå tilhengjarane av pratesjuke Quentin Tarantinos suksessar frå nittitalet, eventuelt Guy Ritchie. Free Fire er då snarare ein sceneversjon av Snatch, enn Lock, Stock and Two Smoking Barrels.

Skepsisen min svinn så småningom. Som skota, er vitsane vinglete. Somme bommar. Somme treffer. Ein held med dei som har hovudet og hjarta med seg, og gler seg til nokre av figurane stryk med. Wheatley står for nihilistisk, valdeleg humor. Han fører slik vidare trekk frå Sightseers, A Field in England og High-Rise, no med standard skurkemiljø. Trass i at dei trivelegaste personane i Free Fire er terroristar i statens auge, har ikkje filmen den politiske brodden Wheatley viste mot Thatchers kjømd i High-Rise og bakrus etter invasjonen av Irak i Kill List.

Kaoskomedie

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement