JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Frykt og spott

Kvifor har påskehøgtida på kort tid gått frå å vera heilag til noko kjendisar spottar i beste sendetid?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utsnitt frå krusifiks frå kring 1270 i Hedalen stavkyrkje i Valdres, bygd kring 1160.

Foto: Solveig Vikene / NTB

5279
20210326
5279
20210326

Spottande religionssatire lever i beste velgåande, sjølv om religiøse fundamentalistar går til åtak på provokatørane, med lærardrap i Frankrike og opptøyar her heime. I dagane før påskehøgtida har religionskrenking fått breia seg i beste sendetid i fleire populære program på NRK og TV 2. 

Kva som er for heilagt til å spotta, endrar seg. På semittiske språk er ordet tvitydig. Det heilage kan vera godt, men farleg òg. Det ein held heilagt, held ein fråstand til. Eit norsk ord med same doble tyding er veband. Det heilage er noko å frykta, som i uttrykket «å frykta Gud». Det som ikkje vekkjer frykt, vekkjer ikkje respekt og er ikkje heilagt.

I om lag tusen år var påskehøgtida den heilagaste, med forteljinga om ein uskuldig som sonar skulda til andre ved å lida og døy, men som så står opp att. For få tiår sidan var norsk uteliv stengt langfredag, ikkje på grunn av smitte som denne påska, men av di ein ikkje dansa og mora seg den dagen Guds son vart piska og krossfesta. 

Tre døme

Ting endrar seg. Her er døme frå tre tilfeldige fjernsynsprogram førre helg.

Torsdag 18. mars. Målshow, TV 2. I fyrste klipp ser me fotballspelaren Jesus Vallejo laga sjølvmål, før laget hans likevel vinn. Programleiar Jon Hartvig Børrestad fortel at han vart «inspirert av Je-su-s Vallejo og oppstandelsen. Mannen som gikk fullstendig ned mot Molde. Se så klønete! Og så står han jo til slutt opp igjen, ikke sant?». Ein plakat fyller skjermen: «Se han lever». Børrestad tek opp att poenget: «Så Jesus, han ble inspirasjonen.» I neste klipp ligg ein spelar nede. Programleiaren: «Han blir kjeftet opp igjen. Oppstandelsen. Blir kjeftet opp. Se, han lever, han lever! Jesus lever, sa de når graven var tom og stenen var rullet til side.» I tredje klipp får ein spelar ballen rakt i andletet, og programleiaren assosierer smerta med høgtida, ler høgt og ropar: «Påsken handler jo om lidelse!»

Fredag 19. mars, Nytt på nytt, NRK. Stortingsrepresentant Mathilde Tybring-Gjedde (H) kommenterer at det vert smittetiltak i Hallingdal-kommunar utan smitte: «Det er jo et fint påskebudskap, dette her, ikke sant? For i påsken er det jo noen som må ofre seg, ikke sant? Så bedriftene i Hallingdal, de er jo sånn Messias, de ofrer seg for våre synder, og så kan noen av dem gjenoppstå i mai.» 

Laurdag 20. mars, Kåss til kvelds, NRK. Artist og gjest Ingebjørg Bratland syng «Da er det jul», ein julesong i mars, skriven i lag med programleiar Markus Neby: «Snøen smelter, det er vår/ Sola den kom tidlig i år/ Ute grilles barbeque-kjøtt/ Om ni måneder blir Jesus født.» Siste strofe vert avslutta med meir fynd og klem enn lått: «24. desember – en høytidsdag/ Jesus ble født i en stall/ Ble han faktisk født akkurat da/ Er det cirka nå Maria ble smelt på tjukka?»

Kva er nytt?

Kva er nytt? Eigenleg ingenting. Å spotta krossfestinga og oppstoda har me gjort i 2000 år. Lista er lang i nyare tid òg: I 1930-åra håna både internasjonale og nasjonale sosialistar påskeforteljinga. Forfattaren Arnulf Øverland vitsa om påskemåltidet som menneskeeting. I 1970-åra spela Hedningsamfunnet på same kannibalhumor med ordspelet «Jesus’ lever». I 1980-åra var filmen Life of Brian så religionssatirisk at han ei tid vart forboden. I 1990-åra overgjekk norske og utanlandske svartmetallartistar kvarandre i hån av krossfestinga – eit finsk band tok namnet Impaled Nazarene.

Men noko er likevel nytt. Før kom spotten frå subkulturar og marginale posisjonar på ytre venstre eller høgre, medan kyrkja stod meir sentralt med meir makt enn i dag.

No er det motsett. Kyrkja er marginalisert og perifer, medan spotten kjem som familieunderhaldning i dei største fjernsynskanalane. Om lag halvannan million sjåarar fekk med seg religionssatiren i NRK og TV 2 førre helg. 

Meir nytt: Før var påskespotten oftast politisk og maktkritisk. Det er han ikkje i dag. Kyrkja har lite makt, og spottarane er gjerne medlem. TV 2s Jesus lever-spott kom frå ein programleiar som døypar borna sine i kyrkja. Korleis veit ein det? Jau, dei vart døypte i Se og Hør òg.

Frykta

Så kva er drivkrafta bak spotten no som han ikkje er ideologisk? Truleg kjennest det kult. Men kor kult er det å krenkja ein minoritet utan makt og musklar til å svara? Dei få som vart såra førre helg, kjenner eg som fredsæle, helst eldre folk, om dei framleis er i live. Spottarane har ingenting å frykta frå dei. 

Truleg kan me skjøna spotten på bakgrunn av forståinga av det heilage som noko ein fryktar. Ein kan spotta påska utan å frykta noko. Høgtida er ikkje heilag. Ein kan gå så nær ein vil. 

Det er frykt som gjer at Målshow ikkje hadde kome med fylgjande kommentar dersom Liverpools Mohamed Salah fekk ein ball eller motspelar i hovudet og svima av i ein kamp ei veke før eid: «Han ser sol og stjerner. Det er profeten som får sin åpenbaring! Hele Koranen deiser ned fra himmelen! I hodet på Mohamed!» Kor kult hadde det vore?

Nei, kva er nytt? Låtten og spotten har fylgt den krossfesta heilt frå fyrste langfredag: «[Soldatane] spytta på han og la seg på kne og hylla han. Då dei hadde hånt han, tok dei av han purpurkappa og lét han få att sine eigne klede» (Markus 15,19–20).

God påske!

Håvard Rem er journalist i
Dag og Tid. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis