Fritt Ords pris til gravejournalistarFritt Ord-prisen går i år til avsløringa av overgrep i Tysfjord.
Fritt Ord-prisen går i år til avsløringa av overgrep i Tysfjord.
Prisvinnarane er (f.v.): Kenneth Hætta, Harald Amdal, Thor Harald Henriksen og Eirik Linaker Berglund.
Foto: Fritt Ord
Stiftinga Fritt Ords pris 2018 går til journalistane Harald Amdal, Eirik Linaker Berglund, Thor Harald Henriksen og Kenneth Hætta for gravejournalistikken i samband med Tysfjord-saka. Denne saka handlar om overgrep som i mange tiår har gått føre seg i Tysfjord i Nordland, mange av dei var knytte til den læstadianske kyrkjelyden på staden. Av totalt 161 straffesaker handla 151 om seksuelle overgrep, 43 av dei var grove valdtektssaker, både mot born og mot vaksne. Den eldste saka var frå 1953, og 106 av sakene vart lagde bort fordi dei var forelda.
Politiet sette i gang etterforsking etter at elleve kvinner og menn stod fram og fortalde om overgrep i VG 11. juni 2016. Reportasjen var skriven av prisvinnarane. Ein av prisvinnarane er same. Frilansaren Kenneth Hætta seier dette til NRK om det å få prisen:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.