Kunngjeringar

Fridagar

I denne spalta skriv Frank Tønnesen om hendingar og tankar som fell han inn.

Publisert Sist oppdatert

Pæra i gangen som har blinka i lang tid, slokna for godt i går, og eg gløymde å bere inn ved før eg la meg. No har eg fyrt og fått varmen i huset, og du er framme. Eg har ikkje fått melding om noko anna, men eg skal la deg vere i fred og ikkje mase.

Skjerfet ditt dukka opp då eg skulle kle meg for å gå ut og hente ved. Det hang under jakka mi, på same knaggen. Men berre kjøp deg eit nytt skjerf om du blir kald.

Posten blei nett levert, eg stod og lura i vindauget og venta til postbilen hadde køyrt vidare, før eg henta han. Det kom ein pakke til deg, kva er det no du har bestilt? Det var berre så vidt han fekk plass i postkassen. Avisa og eit par brev var trykte flate. Eg har lagt han på krakken i gangen.

Resten av denne måndagen og heilt til onsdag, når du kjem heim, kan eg gjere som eg vil, men det er ikkje noko spesielt eg vil eller har i tankane.

Du foreslo at eg kunne invitere nokon hit ein kveld. Sjå fotball eller kva som helst. Det er for kort varsel, har eg tenkt, så det blir nok berre meg som sullar og steller litt rundt dørene. Det er ikkje det verste.

De er vel rundt i byen allereie, inn og ut av butikkar, eller i gang med å studere menyen på ein kafé. Det er deg vel unnt med desse fridagane. Du må hugse å helse frå meg til dei andre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement