Musikk

Fråsegn frå Bispemøtet

Publisert

«Bispemøtet, i forståing med Kyrkjerådet, er samla om dette:

Vi erkjenner at det gjennom historia, langt opp til vår tid, har vore ei spenning, uttrykt skepsis og avvising knytte til ulike kultur- og musikkuttrykk i kyrkja og i gudstenesta. Det har også hatt fylgjer for enkeltkunstnarar på ein måte som vi er sterkt leie oss for. Dei fekk ikkje godkjenning frå kyrkja. Felespelarar er mellom dei.

Kyrkja har dei seinare år heldigvis endra haldningane monaleg. Kunst og kultur er uttrykk for skaparevna og livsutfaldinga til menneske og hjelper oss til betre å forstå andre og oss sjølve. Det gjeld òg musikk. No blir det lagt vinn på å gje rom for eit mangfald av musikalske uttrykk, i gudstenestene generelt, men òg i den liturgiske musikken. Ein av dei seriane som er vedtekne til bruk i hovudgudstenesta, har sterkt folkemusikalsk preg og er eigna for ulike instrument. Svært mange har dei seinaste åra feira gudsteneste med folkemusikk og også folkedans, og det har vore til stor glede og inspirasjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement