Frank Tønnesen er ny skribent
Frank Tønnesen.
Foto: Gitte Johannessen / NTB
«Sån av Salve», «Waldorfsalat» og «Bonde» er songklassikarar frå Tønes. «Eg e bonde eg e fydde oppi løo. Heila livet he eg slede for føo.» I 2019 toppa «Bonde» spelelista mi på Spotify, før «Bye Bye Blackbird» med Miles Davis og «Autumn Leaves» med Eva Cassidy. Det er ikkje heilt bra at «Bonde» ligg på topp, men eg fekk låten på hjernen etter at stølsdrengen Anders spelte han for meg.
Det er noko særeige og livaktig som fengjer med songane til Tønes. Humoren og det kvardagslege, som ein ikkje har tenkt på, men kjenner seg att i. Vår eigen Håvard Rem har Tønes som favoritt: «Han utvidar songteksten til å omfatta forteljingar og dialogar i ei uvanleg blanding av revy og poetisk alvor.»
No skal Frank Tønnesen, mannen bak låtskrivaren og artisten Tønes, skriva små stubbar i Dag og Tid. Ikkje på Sokndal-dialekt som Tønes, men på nynorsk, som Frank Tønnesen.
Frank er frå Hauge i Dalane. Han har vore fiskar, er utdanna elektrikar, har i mange år drive med lokal bygderevy, slo gjennom nasjonalt i 2012 med plata Sån av Salve og har sidan fått fleire prisar og utmerkingar.
– Velkomen som skribent. Kvifor vil du skriva for Dag og Tid?
– Fordi det er ei langsam og vrang avis. Eg er ikkje vrang sjølv, eller kan hende litt, men det kan ofte gå litt seint med meg. Målet er at Dag og Tid skal gje meg meir fart i kvardagen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.