Litteratur
    Frå pjusk til klisjé
    Nora Eides nye roman handlar om ei fortapt nybakt mor. Det blir mange tårer. Men det finst håp, blant anna i Solveig Barstad i TV 2 hjelper deg.
    
    
        Nora Eide har gitt ut sitt fjerde skjønnlitterære verk – ein roman om å vere einsam nybakt mor i storbyen. Foto: Marita Liabø
        Foto: Marita Liabø
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    God mor har
eit Christian Krohg-måleri på omslaget: Eit velfødd barn søv trygt i ei vogge.
Mora har sovna sittande med handa på vogga.
– Det
er eit bilde folk blir dratt mot, seier Nora Eide. 
– Den milde, avslappa babyen og den utslitne
småbarnsmora.
Krohg måla «Mor og barn» i 1893. Mykje har
endra seg sidan. Men fødselen og
barseltida vil aldri endre seg. I dag les vi oss godt opp når vi blir gravide,
men ingen veit korleis det er, før vi sit der, opprivne og med puppen i
vêret.
Eides namnlause hovudperson føler seg fullstendig
inkompetent.
– Ein forventar at ein har eit moderleg instinkt.
Det skal ligge nedfelt i kroppen.
Det å få barn er fantastisk. Å ikkje få morsfølelse er
enormt skamfullt. 
    
                        
    
        
                    
            
                
Digital tilgang – heilt utan binding
                Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.