Litteratur
Frå fiesta til fiasco?
Benito Pérez Galdós (1843–1920) skulle heidrast som Gran Canarias store son og Spanias store forfattar i år, men det vart skriveri.
Benito Pérez Galdós (1843–1920).
Foto: Wikimedia
Benito Pérez Galdós drog 19 år gammal til Madrid for å studere jus, men hoppa av frå studia og kasta seg ut i daglegliv og kulturliv i hovudstaden. Han vart avis- og bladmann, debuterte med ein realistisk roman i 1870, gav ut 31 romanar, tendensromanar på 1870-talet, samtidsromanar frå 1881 til 1889 og såkalla novelas espirituales, sjelelivsromanar, mellom 1891 og 1897, Tristana (1892), Nazarín (1895) og Halma (1895). Mange hugsar dei frå filmar av Luis Buñuel på 1960-talet. Halma, filmatisert som Viridiana, gjekk til topps i filmfestivalen i Cannes i 1961.
Benito Pérez Galdós skreiv òg dramatikk, og mellom 1873 og 1912 gav han ut 46 historiske romanar i sjangeren han skapte og kalla Episodios nacionales. Dei fortel om utvalde episodar frå spansk historie mellom 1805 og 1880, med innblanding i politikk frå kongehuset Borbón og dei tenestevenlege medløparane deira. Dei kjem ikkje direkte fram på scena i tekstane, der fiksjonspersonar frå underklassar opplever konsekvensar av autoritær maktbruk og vanstyre frå toppane høgt over plasseringa dei har i det sosiopolitiske systemet.
Forteljeteknikk
Benito Pérez Galdós utvikla forteljeteknikkar som seinare vart brukte i latinamerikansk diktatorroman i Samtale i Katedralen (1969, utgjeven på norsk i 2013) av Mario Vargas Llosa, i ein episodio nacional frå Peru om offer for diktaturet til general Manuel Odría frå 1948 til 1956, og i dokumentarromanen La noche de Tlatelolco (1971) av Elena Poniatowska. Ho skreiv avslørande forteljingar om maktbruk i Mexico, i «munnlege vitnemål» frå massakrar på studentar 2. oktober 1968, då dei protesterte mot OL i Mexico by.
Benito Pérez Galdós vart Spanias første profesjonelle forfattar, han ville leve av og overleve med skrivearbeid, eit bibliotek har laga liste med 2757 titlar, kvantiteten er grundig dokumentert, og så døydde han einsam og ruinert i 1920. Heidringa av forfattaren starta i november i fjor med minneutstilling i Nasjonalbiblioteket i Madrid. Utstillinga kom forseinka til Las Palmas på grunn av pandemien og vart opna i barndomsheimen hans 23. september i år. Feriebyen hans, Santander, hadde markeringar fram til november i år; tre nye biografiar såg dagens lys, professor emeritus ved Universitetet i Las Palmas, Yolanda Arencibia, fekk Comillas-prisen for beste biografi i 2020, og alt såg endeleg ut til å gå på hjul for forfattaren, med planlagde teaterframsyningar, nyutgåver av bøker, fagkongressar og seminar.
Tvil om kvalitet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.