Frå eliteklubb til breiddeorganisasjon
Då Norges Jeger- og Fiskerforbund blei stifta for 150 år sidan, var motivet å halda arbeidarklassen og husmenn unna viltet og fisken.
Frå midten av 1800-talet auka interessa for sportsfiske hjå kondisjonerte nordmenn. Knud Knudsen (1832–1915) har her fotografert to av dei i Bondhusdalen i Kvinnherad.
Foto: K. Knudsen / Universitetetsbiblioteket i Bergen
Sportsjakta og sportsfisket i Noreg byrja som kulturimport. Det tok til på midten av 1800-talet: Sport og spenning for spenningas skuld var noko for folk med pengar og fritid. Det var ein ny måte å bruka naturen på som endra natursynet vårt: Frå å vera noko fælsleg og barbarisk såg ein no det sublime og poetiske i naturen. Den adelege jaktkulturen på 1700-talet var noko forfina som blei utøvd i velstelte viltparkar. No, derimot, ville ein ut i villmarka for å driva jakt og fiske på eiga hand.
Det var fyrst og fremst britane – dei byrja å reisa hit etter Napoleonskrigane – som eksportere dei nye ideala. Utviklinga i berg- og treindustri førte òg mange utlendingar til Noreg, og dei dreiv jakt og fiske på fritida. Somme kjøpte store landeigedomar for tømmerdrift, og med landet fylgde fellingsrett på elg. Medan småviltjakt med gevær stort sett blei drive utan noka form for løyve den gongen, var jakt på hjortedyr strengt regulert og knytt til eigedomsretten.
Pionerane
Flugefisket kom gjennom trevarehandelen. Thoning Owesen, ein irsk godseigar, skal ha vore fyrst ute med å nytta flugestong her i landet då han fiska laks i Nidelva i 1822. Den fyrste boka om flugefiske på norsk blei utgjeven i 1839 av skotten R.D. Hutchinson, som var trelasthandlar i Drammen. Ein av dei fyrste nordmennene som fatta interesse for denne eksklusive sporten, var eventyrsamlaren Peter Christen Asbjørnsen. Hans Kvernsagn frå 1843 er den fyrste norske forteljinga der flugefiske blir skildra.
Når det galt sportsjakta, spelte teknologiutviklinga ei stor rolle. Dei gamle munnladegeværa med flintlås var tunge og klabne. Sidan det tok si tid frå ein trekte av til skotet gjekk, var slike lite brukande til støkkjakt på flyktande vilt. Dette betra seg på midten av 1800-talet med den såkalla perkusjonsmekanismen, der hanen trefte ei knallperle som kveikte krutet.
Men det var ikkje før introduksjonen av bakladaren nokre tiår seinare at det blei verkeleg fart i sakene. Bakladarar nytta patronar av typen me kjenner i dag. Men sidan jaktvåpen var kostbart og noko berre dei kondisjonerte hadde råd til, breidde sportsjakta seg sakte. Fyrst med boltrifla, der magasin med fleire patronar gjorde det raskare å lada og lettare å treffa, fekk sportsjakta større utbreiing – masseproduserte rifler, som det legendariske Krag-Jørgensen-geværet, blei mot slutten av hundreåret spreidde kringom i landet gjennom skyttarvesenet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.