Frå diktet «Porkkalafela»

Publisert

Historia om Porkkalafela kjem frå Finnskogene og er skapt av røynd og folketru. Spelemannen Halteguten hadde selt sjela si til Puken for kunne spele fritt og utan like. Då han døydde, var det som om fela heldt fram med å spele, og kona Pulsu ville ha fela ut av syne og sinn og grov henne ned.

«Men så underleg var laga at ho skulle fram i dagen,» skriv Åsta Holth i diktet «Porkkalafela» frå 1946. Etter seksti år vart nemleg fela funnen att i molda, og etter litt restaurering skulle det vise seg at det framleis var liv i henne.

Liv er det òg i diktsamlinga Porkkalafela, som slekter på folkeviser og munnlege forteljetradisjonar. Ho er skriven med eit varmt blikk for dei små menneska og med ei kraft som treffer lesaren enno i dag. Åsta Holth (1904–1999) var frå Grue i Hedmark, ho var lærar, småbrukar, politikar, bunadskapar og forfattar. Ho gav ut 18 bøker, mest romanar og forteljingar, men òg eit par diktsamlingar, og ho var den som skreiv skogfinnane inn i norsk litteratur.

Boka Porkkalafela blei henta opp frå magasinet på biblioteket i samband med at ein trufast låner spurde etter eit anna dikt av Holth: eitt som skulle handle om «rubinane i hagen». Vi fann dessverre ikkje diktet om ripsbæra, som skulle vere skriven for årsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlaget ein gong på 1970-talet. Men lånaren, tidlegare politikar og småbrukar Tove Lehre, gav meg i staden ei levande skildring av den glødande engasjerte og motige debattanten og forfattaren Åsta Holth, og korleis ho kan inspirere oss alle – og ikkje minst unge kvinner i politikken – i dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement