JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Frå diktet «Porkkalafela»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Svein Sturlason

Foto: Svein Sturlason

2482
20210813

Skogens spellmann, Halteguten,

Ola Porkkala var namnet,

var ein krøpling, sky og fåmælt,

drog seg vekk der folk kom saman.

Alt han elska var ei fele,

og si unge gjente Pulsu.

Alt han drømte var å spelle

slik som ingen hittil kunne.

Det var dyrt å fylgje kallet,

minste pris var heile sjela.

Finnskog! Gjennom dine skogar

suser segn om sterke makter.

Eg har hørt dei rare toner

i frå Haltegutens fele.

Eg har levd og lidd med Pulsu,

vesle sterke, trugne kvinne.

Han ga sjela si for dette

som for han var størst i livet.

Sterkere enn helvits skræmsle,

det var hennes elsk og truskap.

Eg vil gi min sang åt alle

som går rakt dit hjarte byd dei,

åt dei få som ikkje kjenner

flate, gylne millomvegar.

Eg vil gi min sang åt alle

som går heile gjennom livet.

Åsta Holth

2482
20210813

Skogens spellmann, Halteguten,

Ola Porkkala var namnet,

var ein krøpling, sky og fåmælt,

drog seg vekk der folk kom saman.

Alt han elska var ei fele,

og si unge gjente Pulsu.

Alt han drømte var å spelle

slik som ingen hittil kunne.

Det var dyrt å fylgje kallet,

minste pris var heile sjela.

Finnskog! Gjennom dine skogar

suser segn om sterke makter.

Eg har hørt dei rare toner

i frå Haltegutens fele.

Eg har levd og lidd med Pulsu,

vesle sterke, trugne kvinne.

Han ga sjela si for dette

som for han var størst i livet.

Sterkere enn helvits skræmsle,

det var hennes elsk og truskap.

Eg vil gi min sang åt alle

som går rakt dit hjarte byd dei,

åt dei få som ikkje kjenner

flate, gylne millomvegar.

Eg vil gi min sang åt alle

som går heile gjennom livet.

Åsta Holth

Historia om Porkkalafela kjem frå Finnskogene og er skapt av røynd og folketru. Spelemannen Halteguten hadde selt sjela si til Puken for kunne spele fritt og utan like. Då han døydde, var det som om fela heldt fram med å spele, og kona Pulsu ville ha fela ut av syne og sinn og grov henne ned.

«Men så underleg var laga at ho skulle fram i dagen,» skriv Åsta Holth i diktet «Porkkalafela» frå 1946. Etter seksti år vart nemleg fela funnen att i molda, og etter litt restaurering skulle det vise seg at det framleis var liv i henne.

Liv er det òg i diktsamlinga Porkkalafela, som slekter på folkeviser og munnlege forteljetradisjonar. Ho er skriven med eit varmt blikk for dei små menneska og med ei kraft som treffer lesaren enno i dag. Åsta Holth (1904–1999) var frå Grue i Hedmark, ho var lærar, småbrukar, politikar, bunadskapar og forfattar. Ho gav ut 18 bøker, mest romanar og forteljingar, men òg eit par diktsamlingar, og ho var den som skreiv skogfinnane inn i norsk litteratur.

Boka Porkkalafela blei henta opp frå magasinet på biblioteket i samband med at ein trufast låner spurde etter eit anna dikt av Holth: eitt som skulle handle om «rubinane i hagen». Vi fann dessverre ikkje diktet om ripsbæra, som skulle vere skriven for årsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlaget ein gong på 1970-talet. Men lånaren, tidlegare politikar og småbrukar Tove Lehre, gav meg i staden ei levande skildring av den glødande engasjerte og motige debattanten og forfattaren Åsta Holth, og korleis ho kan inspirere oss alle – og ikkje minst unge kvinner i politikken – i dag.

PS: Om lesaren av denne spalta veit kva for dikt Tove Lehre leita etter, blir vi takksame for tips.

Cathrine Strøm

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis