JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Frå
diktarleg sanning
til litterær skade-
melding

BERGEN: Kven skal forfattaren ta omsyn til når han skriv «røyndomslitteratur» – dei omtala personane eller litteraturen? Dag og Tid var på litteraturdebatt under festspela i Bergen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Toril Moi (t.v.) leidde debatten mellom forfattarane Suzanne Brøgger, Dag Solstad, Vigdis Hjorth, Karl Ove Knausgård, Liv Køltzow og Tone Hødnebø.

Teikning: May Linn Clement

11868
20170602
11868
20170602

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Dei store spørsmåla var fleire enn dei klare svara då festspeldiktar Vigdis Hjorth hadde samla A-laget kring seg for å drøfte sentrale tema i samtidslitteraturen på scena Lille Ole Bull under Festspillene i Bergen førre fredag. Duke-professor Toril Moi spurde, og ei noko heterogen gruppe Hjorth-kollegaer svara.

Suzanne Brøgger fortalde at Henry Miller hadde sagt til henne at han aldri tok omsyn til andre i skrivinga si. Det gjer ikkje ho heller.

– Eg vil aldri la ei kusine eller bestemor styre skrifta mi. Å vise andre manuskriptet er å leggje litt av ansvaret frå seg. Forfattaren må ta heile ansvaret – og alle konsekvensane.

Var det ein høfleg kilevink til norske forfattarar som ikkje torer gå like langt? Sjølv har ho mista mange familiemedlemer og andre gjennom det ho skriv.

Ved sida av den danske veteranen, men i motsett hjørne av verda, sat Dag Solstad og kjende seg letta over at dette var spørsmål som strengt tatt ikkje kom han ved.

– Eg ville bli ein stor forfattar, og då kunne eg ikkje nytte mitt eige liv. Til å utforske tilværet trengst noko meir enn eit ubetydeleg liv i sjenanse. Gjennom litteraturen visste eg at eg kunne uttrykkje ting eg elles aldri ville vågd å seie på anna vis.

Men også den kompromisslaust upersonlege Solstad har svin på skogen, som romanen der han skriv om far sin, og dermed også om seg sjølv, og som til alt overmål har fødselsdatoen hans som tittel, og i den slektsoppramsande «telemarksromanen», hans siste.

Då hjelper det lite at Liv Køltzow supplerer med eit håpefullt:

– Eg trur vanlege folk skjønar at det er fantasi vi driv med.

For trur vi det? Og i kva grad er det det forfattarane gjer?

Innan samtalen er til endes, har Køltzow vedgått at i den siste romanen hennar finst svært lite som ikkje er sant.

– Det var så herleg å sleppe å finne på, legg ho til.

Og gjorde ikkje Karl Ove Knausgård lenge eit nummer av at alt var «sant» i Min kamp, inntil han innsåg at han ikkje lenger kunne halde fast ved den påstanden?

Det løgnaktige minnet

Heller ikkje lyrikaren Tone Hødnebø reknar seg til dei sjølvbiografiske.

– Når du skriv dikt, kan du ikkje lyge på same vis som i ein roman. Det er vanskelegare å skjule seg. Men også i diktskrivinga kjem denne problemstillinga opp heile tida: I kva grad skal du avsløre, i kva grad skal du skjule deg?

Festspeldiktaren sjølv, som opplevde at Aftenposten meinte å kunne prove kor «verkeleg» hennar nyaste roman er, valde å gå vegen om den tyske forfattaren W.G. Sebald for å vise korleis ny innsikt kan få tilbakeverkande kraft. I romanen Austerlitz skriv han om ein mann som i vaksen alder blir klar over at han er tsjekkisk jøde og mellom borna som blei berga ut av Praha i 1939.

Knausgård har litt av den same tilnærminga. Dei tolv åra han budde i Bergen, syntest han ikkje det skjedde noko som helst. Det hindra han likevel ikkje i å vie eit heilt band av Min kamp til dette «ingenting». For i ettertid såg han samanhengar og meiningar – ei forteljing som har med identitet å gjere.

– Romanens oppgåve er å sprengje denne identiteten. For minnet kan du ikkje lite på, det er løgnaktig.

Så fortel Knausgård om ei krise han hadde stått oppe i. To år etterpå skreiv han om krisa på ein måte som stødde opp om sjølvbiletet hans. Teksten sende han til ein kamerat som hadde delt den same opplevinga. Han hadde ein motsett versjon, der Knausgård stod fram som ganske feig.

– Eg veit at han hadde rett. Det er slik minnet verkar. Å skrive er å gå mot det minnet fortel, trengje gjennom dette biletet. Då snakkar vi om å skrive sjølvbiografisk.

Kva motiverer oss når vi minnest feil? lurte Liv Køltzow på. Svaret fekk ho hjå ein psykolog: Umedvite vel minnet vårt heile tida det som styrkjer og stadfestar sjølvkjensla.

Toril Moi spør kva det kostar av skade, smerte og ansvar – for forfattaren og «offera» – å bruke sitt eige liv i skrifta.

Det gir Vigdis Hjorth høve til å fortelje om då ho gav ut romanen Om bare (2001), som mange «visste» handla om det brotne kjærleiksforholdet ho hadde til litteraturprofessor Arild Linneberg.

– Ei tid etter lanseringa skulle Linneberg intervjue meg på scena. Eg sat der og var engsteleg, men så seier han: «Den mannlege hovudpersonen i boka, han ville ikkje eg likt å møte i ei bakgate ei mørk natt!» Dermed var lufta ute av ballongen.

Ein «forferdeleg» debatt

Knausgård finn det vanskeleg å snakke om dette temaet.

Kvifor?

Jo, fordi det er forfattaren, ikkje «offeret» som snakkar.

– Debatten om Min kamp var grei, der skriv eg jo om levande personar under fullt namn. Men debatten om boka di, Vigdis, synest eg var forferdeleg, sidan ho er ein fiksjonsroman. Alle romanar har eit eller anna frå røyndommen, men så blir dei gjort til noko heilt anna. Skal ein lese romanar for å finne ut kva som er sant i dei, er vi på ville vegar. Med bøkene mine er det motsett; der ser folk etter kva som ikkje er sant.

Alle som speler ei større rolle i Min kamp, fekk lese manus og fjerne ting dei ikkje ville ha med. Ville ikkje dei sjølve vere med, tok eg dei ut, eller så endra eg namnet deira. Problemet var at eg skreiv om familien min, om to menneske som er døde og ikkje hadde noka stemme lenger, far min og bestemor. Det var det som utløyste den største konflikten. Poenget er kven som har rett til ei historie.

Knausgård veit at det han skreiv, var krenkjande og svært vanskeleg for familien. Valet forklarar han slik:

– Du har dei som meiner at litteraturen deira er viktigare enn liva våre. Slikt kan ein ikkje seie. Så er det spørsmålet om litteraturens plass i samfunnet, kva samfunnet måtte kunne uttrykkje.

Sanning eller røyndom?

Toril Moi legg til at litteraturens oppgåve er å fortelje sanninga, å få oss til å sjå røynda på eit vis vi ikkje har gjort før. Då kjem det skarpe protesttonar frå Hødnebø.

– No blir eg provosert! Det er vel romanens sanning vi snakkar om, og det er noko heilt anna enn røyndommen. Eit kunstverk er ein versjon av sanninga, det må vi ikkje gløyme. All god litteratur er personleg, og dét ligg i tonen, røysta, ikkje i at det svarar til røyndommen.

Dette utløyser ein heftig debatt, der dei to snakkar i munnen på kvarandre. Til slutt blir dei samde. Tilsynelatande. Vi har kanskje ikkje komme nærare ei klar forståing, men båe partar har funne att roa. «Sanning» er eit omgrep ein skal nytte med største varsemd, det gjeld også meritterte litteraturprofessorar.

Igjen kjenner Solstad at dette med ansvar er noko han kan heve seg over. Han skriv slik det passar han, og det er han glad for. Punktum.

Så lett vil ikkje festspeldiktaren la han sleppe.

– Når du skriv om den avblomstra kona til Elias Rukla, halvtjukk og med åreknutar; trur du ikkje at somme av dei tidlegare veninnene dine då tenkjer sitt?

– Jo, det er heilt sikkert rett!

Så ler han rått og solstadsk. Var det nokon som nemnde smerte?

– Det er ein skilnad på sanning og røyndom, og lengten i bøkene mine går mot røyndommen, konstaterer Knausgård.

Utgangspunktet hans for å skrive om verda med fulle namn, var ei kjensle av at alt var blitt forteljingar. Hans eigen vesle røyndom, full av banalitetar, var nesten borte.

– Eg trur at all kunst handlar om å prøve å komme inn i verda. Men måtane blir mekaniske, dei blir fylte med vanlege førestillingar, og desse er fiende til kunsten. Nyss las eg Pond av Claire-Louise Bennett. Den handlar berre om nokre kvinner i eit hus, men gjorde sterkt inntrykk på meg. Det er så mykje kraft og energi, nærleik, tettheit og meining i det ekstremt udramatiske livet.

Mange forfattarar i dag er leie av fiksjonens maskineri, dei klagar over at det verkar så kunstig å finne opp karakterar og endå kunstigare å dikte opp ei handling, seier Moi. Korleis har panelet det med dette?

– Om de er leie av forteljingar, kan de byrje å skrive dikt i staden, kjem det spontant frå den einaste lyrikaren i panelet.

Ho legg til at all kunst prøver å finne opp noko verkeleg.

– Har ikkje forfattarar til alle tider ønskt å uttrykkje røyndommen, då? forsøker Suzanne Brøgger seg.

– I dag er vi alle bundne til ein skjerm, og vi lever ein metaeksistens. Snart endar vi i performance.

Det kallar Solstad «performanse», og han avviser det som uaktuelt for han.

– Til eldre eg blir, til meir skjønar eg kor knytt eg er til modernismen. Axel Jensen, ein av heltane mine då eg debuterte, sa i eit intervju at den neste boka hans skulle heite Mirakler og handle om ei kone som skulle av stad og kjøpe mjølk. Etter kvart gjekk det opp for meg at det er det eg driv med heile tida.

Sexisme

Moi vil ha Solstad til å seie litt om framandgjering, som jo har ein sentral plass i forfattarskapen. Meiner han til dømes at litteraturen hjelper mot framandgjering?

– Eg trur ikkje litteraturen hjelper på noko, kjem det kontant. Men så tar han det i seg. – Når eg har vore langt nede, og det skjer rett som det er, har eg lese dikt av min gamle ven Jan Erik Vold til trøyst.

Med Toril Moi som samtaleleiar og fire svært medvitne kvinner i panelet – feministar, kvar på sitt vis – ligg det opp i dagen at kjønnsdimensjonen må bli lufta. Vigdis Hjorth minner om korleis Suzanne Brøgger i dei første bøkene sine skildra «tingenes tilstand» som eit ledd i ein frigjeringskamp for kvinnene. Ho viste korleis ting var, ikkje minst gjaldt det seksualiteten. Det er tale om å lyfte dei små tinga i livet opp til eit høgare nivå, der dei blir allmenne.

Og korleis blir ikkje kvinnelege forfattarar møtte med eit ramaskrik dersom dei skriv om eige liv, medan mannlege forfattarar slepp unna.

Suzanne Brøgger minner om at det kvinner skreiv på 70-talet, blei kalla vedkjenningslitteratur. Da Karl Ove Knausgård og Tomas Espedal tok til å skrive det same, heitte det ikkje lenger vedkjenning, men røyndom. Ho trur ikkje kvinner kunne ha sloppe så lett unna med eit seksbindsverk som Min kamp.

Knausgård nemner at han er blitt kalla narsissist, men det ser ikkje ut som han meiner at han dermed har vore gjennom det same martyriet som mange kvinnelege kollegaer har måtta uthalde.

– Kvinnerolla for forfattarar har endra seg radikalt dei siste tjue åra, utbryt Liv Køltzow, og føyer til eit «hurra!»

Tone Hødnebø, som tilhøyrer ein annan generasjon enn fleirtalet i panelet, ser at det framleis er ein skilnad på mannlege og kvinnelege forfattarar – sjølv om det ikkje blir snakka så høgt om. Dessutan plar menn framleis helst referere til mannlege forfattarar.

– Det var grunnen til at eg omsette Emily Dickinson. Eg ville finne ei kvinne eg kunne lene meg mot heile livet.

Litterær skademelding

Den viktigaste oppdaginga då Karl Ove Knausgård skreiv Min kamp, var den nære røyndommen, huset og barnet.

– For meg var den røyndommen ikkje utforska, og det trur eg var ei klart mannleg røynsle. Romanserien min handlar om å gå inn i det rommet, erobre det, ta stilling til det. Å utforske den mannlege identiteten, men også identitet i det heile, har vore viktig for meg.

Men. Kva er det eigentleg dei driv med, desse forfattarane?

Jo, det kan Vigdis Hjorth opplyse. Etter å ha gitt Knausgård kred for at han har bidratt til å gjere intimsfæren litterært legitim, sette ho punktum med ei historie:

– I ein periode var eg saman med ein bilseljar. Stundom fekk han besøk av ein kamerat som fortalde om den forferdelege familien sin, som var i full oppløysing. Da seier bilseljaren: «Det høyrest ut som dei har krasja. Og så har dei skrive skademelding kvar for seg.»

Det er det vi òg gjer: Vi skriv skademelding kvar for oss!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Når du skriv om den avblomstra kona til Elias

Rukla, halvtjukk og med åreknutar; trur du ikkje

at somme av dei tidlegare veninnene dine då

tenkjer sitt?

Eit spørsmål til Dag Solstad frå Vigdis Hjorth

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis