Forklaringar
Frank Tønnesen skriv kvar veke om hendingar og tankar som fell han inn.
Karamellpuddingen måtte stå ei stund og kjølne. Han blir best då. Eg bar ut søpla og tørka av kjøkenbenken. Etterpå støvsuga eg heile fyrste etasje. Ungane skulle dusje og få i seg mat, og det tok ei stund før me fann husnøkkelen, som hadde ramla ned og låg i ein sko.
Synnøve måtte gjere seg ferdig på badet. Det tok si tid og gjekk ikkje fortare, sjølv om eg var inne fleire gonger for å sjekka kva ho heldt på med. Eg spurde kva som tok så lang tid, men ho svara ikkje, berre stira på meg.
Me bad ungane om å gå utanfor og vente, det er jo så fint vêr.
– Finn på noko, sa me, men ikkje gå for langt vekk. Det er ikkje så lenge til me skal køyre.
Då me trudde me var i hamn med alt, måtte me inn ein siste gong og finne eit kort, og då me til slutt fann eit kort, måtte nokon skrive på det, men kva skulle me skrive? Det var ikkje så nøye, sa Synnøve, finn på noko. Dei fleste bryr seg ikkje.
– Kan ikkje du skrive? Eg skriv så stygt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.