JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Forklaringar

Frank Tønnesen skriv kvar veke om hendingar og tankar som fell han inn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3278
20230602
3278
20230602

Karamellpuddingen måtte stå ei stund og kjølne. Han blir best då. Eg bar ut søpla og tørka av kjøkenbenken. Etterpå støvsuga eg heile fyrste etasje. Ungane skulle dusje og få i seg mat, og det tok ei stund før me fann husnøkkelen, som hadde ramla ned og låg i ein sko.

Synnøve måtte gjere seg ferdig på badet. Det tok si tid og gjekk ikkje fortare, sjølv om eg var inne fleire gonger for å sjekka kva ho heldt på med. Eg spurde kva som tok så lang tid, men ho svara ikkje, berre stira på meg.

Me bad ungane om å gå utanfor og vente, det er jo så fint vêr.

– Finn på noko, sa me, men ikkje gå for langt vekk. Det er ikkje så lenge til me skal køyre.

Då me trudde me var i hamn med alt, måtte me inn ein siste gong og finne eit kort, og då me til slutt fann eit kort, måtte nokon skrive på det, men kva skulle me skrive? Det var ikkje så nøye, sa Synnøve, finn på noko. Dei fleste bryr seg ikkje.

– Kan ikkje du skrive? Eg skriv så stygt.

– Nei, sa ho, det må du klare.

– Det må vel vere noko meir enn berre «gratulerer», eit eller anna skikkeleg?

– Ja, du får finne på noko, sa ho.

Så fint eg berre kunne, skreiv eg: «Du er unik. Stå på vidare, utropsteikn. Me heiar på deg.» Under skreiv eg alle namna, men eg feilberekna, slik at Trygve, Synnøve og Olga blei med like store bokstavar. Då eg skulle skrive Kai Olav, minka det på plassen, eg byrja med ein stor K, men så vart bokstavane mindre og mindre. V-en i Olav stoppa heilt i kanten av kortet, og det gjekk vel eigentleg ikkje an å sjå at det var ein v. Eg viste ikkje kortet til Synnøve, berre putta det i konvolutten og limte han att.

Vaskemaskinen med klede var komen heilt i slutten av programmet, han sentrifugerte for harde livet i kjellaren. Hadde me ikkje visst betre, kunne det like godt vore eit helikopter som letta og strauk forbi over hustaket. Me måtte vente til han stoppa, slik at me kunne få hengt opp kleda til tørk.

Då me endeleg sat i bilen og hadde køyrt i knappe fem minutt, fann eg ikkje lommeboka. Me måtte berre snu med ein gong og køyre attende. Ho låg på hylla under spegelen i gangen. Eg kom på at ingen hadde tenkt på niste til turen, så eg gjekk ned i kjøkenet og fann fram brød og pålegg. Dei ropa frå bilen og spurde kor eg blei av.

Då eg kom ut att, stod naboen der:

– Har de ikkje komme dykk av garde enno, spurde han og lo.

Eg låste ytterdøra og sjekka med eit kraftig rykk i handtaket om ho verkeleg var låst. Så gjekk eg og sette meg bak rattet, og me køyrde av garde nok ein gong.

Synnøve snudde seg og oppdaga at julestjerna framleis hang i vindauget. Så då måtte me snu igjen. Eg måtte lage karamellpuddingen på ny, og så vart oppvaskmaskinen akkurat ferdig. Det er jo greitt å få tatt ut av den også, når ein fyrst held på.

På grunn av vegarbeid gjekk det ein time ekstra berre i venting. Etterpå var det omkøyring rundt Kydlandsvatnet. I tillegg var det mykje vatn i vegbanen, og raudt lys kvar gong me kom til eit kryss. Ja, det er utruleg at det har kome lyskryss heilt hit til oss. Det er alltid slik, det skjer så mykje. Tida berre forsvann.

Men no er me her.

Frank Tønnesen

Frank Tønnesen er låtskrivar og musikar. I denne spalta skriv han om hendingar og tankar som fell han inn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis