JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Forfattaren som gjekk viralt og vart metoo-ekspert

Kristen Roupenian fekk full klaff då novella hennar «Cat Person» vart trykt i The New Yorker. Men plutseleg var ho å rekne for ekspert på ein debatt ho ikkje hadde sett kome.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
- Når så mange på ein gong reagerer på noko ein har skrive, er det så stort at det kjennest heilt feil, seier forfattaren Kristen Roupenian.

Foto: Mone Celin Skrede

7409
20190412

Bakgrunn

Kristen Roupenian var fødd utanfor Boston i Michigan i 1981.

Ho har doktorgrad i engelsk frå Harvard og vart verdskjend for novella «Cat Person», som vart publisert i starten av metoo-debatten.

Samlinga Du vet at du vil, der «Cat Person» òg er med, er den første boka hennar.

Litteratur

mone@dagogtid.no

I desember i 2017 sat Kristen Roupenian på ein kafé i lag med kjærasten sin då novella hennar i The New Yorker spreidde seg som eit virus. Mor hennar ringde og gret:

– Nokon som Barack Obama følgjer på Twitter, har delt novella di.

Roupenian hadde hamna midt i metoodebatten. Novella vart ståande som mest lesen av alle sakene i The New Yorker dette året og fekk 85.000 kommentarar på Facebook og twitterkontoen Men react to Cat Person.

– Weinstein-skuldingane var ikkje kjende enno, dette hende i april 2017, etter at Trump vann presidentvalet. Det låg spenning i lufta, men når folk spør meg om eg kunne førsjå dette, er svaret sjølvsagt «absolutt ikkje». Det ein ventar skal skje når nokon les ei novelle ein har skrive, er minimalt. Når så mange på ein gong reagerer på noko ein har skrive, er det så stort at det kjennest heilt feil, seier Roupenian og ler.

Margot og Robert

«Cat Person» handlar om ei 20 år gammal kvinne som møter ein litt eldre mann. Dei går på éin dårleg date saman. Når dei har gått til sengs, innser ho at ho tykkjer mannen er fråstøytande. Men ho fortel det ikkje til han og endar med å fullføre samleiet.

– Vi fortel oss sjølv historier om situasjonen vi står i. Margot i novella har laga seg ei historie om kven Robert, mannen, er. Når ho skjønar at historia ikkje stemmer med røynda, kjenner ho på at det er for seint å trekkje seg. Men det handlar òg om potensialet for seksuell vald, om instinktet for å ikkje gjere menn sinte, om å vere 20 år, om å vere kvinne, og om kor mykje av kvinnerolla som handlar om å vere snill, høfleg og imøtekomande. Det vert for vanskeleg å fortelje han kvifor ho ikkje vil, seier Roupenian.

Robert sender meldingar etter å ha sett Margot på ein bar. Først vil han berre vite kva han har gjort gale. Men så eskalerer det:

«Er fyren du var her sammen med typen din

???

(..)

Knuller du han fyren nå

Gjør du det

Gjør du det

Gjør du det

Svar

Hore»

Ei grense

– Kvar går grensa mellom trakassering og dum oppførsel?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Det er lett å tenkje at ein ikkje kan skulde på mannen når han ikkje visste at han gjorde noko gale. Men det at kvinna ikkje sa noko, inneber ikkje at ein skal ignorere kjenslene hennar. Det er fælt å tenkje på at ein kan ha gjort nokon vondt utan å meine det. Men då bør ikkje første reaksjon vere å argumentere med at fordi ho ikkje sa ifrå til deg, så er du uskuldig. Ein må skjøne at å kommunisere med menneske er vanskeleg. Eg trur kvinna ofte får, eller tek på seg, ansvaret for denne kommunikasjonen.

Til dagleg bur og lever Kristen Roupenian saman med kjærasten sin, Callie. Då ho skreiv novella, hadde ho hadde lenge vore trulova med ein mann.

– Då det tok slutt, byrja eg å nettdate. Eg vart ubehageleg klar over at eg sjølv dikta opp versjonar av personane eg snakka med. Når personen ikkje passa til ideala mine, vart eg sint. Dette vart starten på «Cat Person», seier ho.

Medan samtalen går, sit forfattaren i Oslo og tygg på eit eple. Ho er på bokturné i Europa, og «Cat person» og elleve andre tekster har vorte bundne saman mellom svarte og rosa permar. You Know You Want This er tittelen, Du vet at du vil, på norsk.

Novellene hennar handlar om makt og kjønn. Om ei jenteklasse i Kenya som terroriserer ein mannleg, kvit lærar, om ei kvinne som på magisk vis vert eigar av ein naken mann, og om eit barneselskap som tek ei skremmande vending.

– Eg vert fascinert av makt. Eg opplever at det er ubehageleg både å kjenne seg heilt makteslaus og å kjenne på at ein har altfor mykje makt. Vi lagar oss historier for å verte meir komfortable med makta vi har fått. Eg ville skrelle bort det komfortable og finne fram til det kaotiske.

– Menn og kvinner les «Cat Person» heilt ulikt, har du fortalt.

– Eg fekk inntrykk av at mange menn vart sjokkerte. Dei forstod ikkje kva som gjorde at så mange kvinner identifiserte seg med Margot i novella. Mange kvinner reagerte med overrasking på at dei ikkje var åleine om å ha opplevt noko slikt. Det finst nok like mykje overlapp som ulikskap. Men reacts to Cat Person-kontoen på Twitter representerte dei meir opne aggressive haldningane til forteljinga, frå: «Kvifor er dette publisert, er ikkje dette eit dagbokinnlegg?» til «Feministpropaganda».

Fredskorpset

Roupenian kjem frå Boston, har armensk far og engelsk mor. Ho vart med i fredskorpset rett etter Harvard-utdanninga, reiste til Kenya og underviste om hiv og aids. Seinare arbeidde ho som barnepassar og skreiv tekster medan ho prøvde å finne ut kva ho skulle gjere med livet sitt. Roupenian har doktorgrad i engelsk. Og så fort forteljinga hennar vart den mest lesne saka i The New Yorker, vart ho sett på som metoo-ekspert.

– Den einaste kvalifikasjonen eg har, er at eg har skrive fiksjon, seier Roupenian og ler.

– Tidlegare visepresident Joe Biden har fått merksemd for måten han oppfører seg på mot kvinner. Fleire videoklipp under namnet «Creepy Uncle Joe» viser Biden som klemmer, klappar og kyssar på små jenter og unge kvinner. Biden sjølv seier at han aldri meinte å oppføre seg upassande. Fire kvinner har stått fram, og sjølv om han ikkje er sikta for noko, trugar dette med å påverke sjansane hans som mogleg motkandidat til Trump i 2020-valet. Har det gått for langt?

– Nei. Det har ikkje eingong fått særskilt store følgjer for Harvey Weinstein. Eg trur vi er i ein vanskeleg fase, vi har nett byrja å snakke om det. Utfordringa er å halde fram. Eg trur at for å forstå det som skjer rundt Biden, må ein forstå sinne- og frustrasjonsnivået i veljarmassen. Då Trump vart vald, uttrykte mange av veljarane hans sinne og ei kjensle av at dei ikkje vart høyrde av styresmaktene. Mi avgrensa forståing av det som skjer rundt Biden, er at kjenslene går att. Folk ønskjer endring. I staden vert dei konfronterte med at endå ein kvit mann i 70-åra kan verte president. Dette er ikkje tida for eldre menn som tøyer grenser overfor kvinner. Ingen har truga Biden med fengsel, ingen har gått til sak mot han, men det er ein sjanse for at han kan hamne i verdas høgaste maktposisjon. Eg kan forstå trongen til å ta opp slike saker, sjølv om dei kan verke små, når det gjeld ein maktperson som skal representere oss og forsvare interessene våre.

– Kjenner ein seg nøydd til å reagere no fordi ein ikkje reagerte då videoane vart tekne?

– Eg trur mange kjenner på det. Særleg generasjonen min tek stilling til at til dømes Bill Clinton ikkje var den personen vi trudde. Det var først etter metoo det vart sett lys på maktrelasjonen mellom Monica Lewinsky og Bill Clinton, og sjølv om han òg gjorde mykje bra, var det svært alvorleg. Dette gjer ikkje situasjonen lett for Joe Biden. Eg kan ikkje seie om Biden er skuldig eller ikkje, men eg trur ikkje reaksjonane mot han er grunnlause, seier Kristen Roupenian.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dette er ikkje tida for eldre menn som tøyer grenser overfor kvinner.

Kristen Roupenian, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis