Forbode evangeliumI Oxfords universitetsbibliotek har forskarar funne fragment av den forbodne «Jakobs openberring».
I Oxfords universitetsbibliotek har forskarar funne fragment av den forbodne «Jakobs openberring».
Eit anna gamalt kristeleg fragment: Judasevangeliet, frå Kodeks Tchacos.
Foto: wikicomons/ Wolfgang Rieger
Det er tale om seks sider av «Jakobs fyrste openberring», ei sjeldsynt, kristen bok, der Jesus fortel sin bror Jakob – eller søskenbarnet sitt – om livet etter dauden. Eit nyfunn, heiter det på mange nyhendekanalar, men det er ikkje presist, for openberringa var alt kjend i ei koptisk omsetjing. Men nyfunnet, ein gresk tekst, fører oss lenger attende i tid, for det er truleg språket openberringa opphavleg var skriven på. Ein reknar med at openberringa er skriven kring 200 etter Kristus.
Denne openberringa blir rekna til dei såkalla gnostiske bøkene. Jesus fortel bror sin kva som skjer når både han og bror hans er avlidne: Kvart menneske ber på ein gneiste av himmelen. Det passar jo elles med Bibelens lære, men openberringa fortel vidare at det ikkje finst éin himmel, men 72 himlar som mennesket må passere for å nå det guddomlege. I kvar himmel finst ei vond makt som mennesket skal forsere. Dei gnostiske bøkene er ikkje tekne med mellom dei 27 bøkene som i dag utgjer Det nye testamentet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.