Diktet
«Før himmel og jord er havet det einaste som finst i denne myten»
Dagens dikt er henta frå Dråpen som gjør livstreet grønt. Samtale med ukrainske tekster (2022), ei fascinerande utgiving med 32 eldre ukrainske dikt, gjendikta av Erling Kittelsen og Nazarii Nazar, og med 32 kommentarar av Kittelsen. Nesten som ein variant av denne spalta i bokform!
Første dikt i boka er skapingssoga under, som også er ein rituell song for vintersolkverv. Og dermed passar diktet også godt på starten av eit ferskt år, då kjensla av å vilje forme alt på nytt finst i mange av oss, og då snøen kanskje blæs landskapet om til noko kvitt og eins. Verda ufødd.
Før himmel og jord er havet det einaste som finst i denne myten. Men i havet dukkar det opp noko handgripeleg (eit platå), og nokon som handlar (tre duer). Det er dei som skapar verda ved å diskutere og så dukke til botns. Her finst den sanden som duene vil spreie utover, og som omdannar seg til grøderik jord.
I andre halvdel blir diktet meir manande. Viktige element blir repeterte, repetisjonane kallar dei fram i verda: «den fineste sanden», «en gyllen stein». Når eg les dette, ser eg for meg at rørsla i skapinga går frå fin, gnistrande sand til hardna, gyllen stein til sola som stig lys på himmelen. Sola som eit såkorn, sola skapt av sand, ei brennande glassol.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.