Folkemusikalsk blandingGruppa Lady Hardanger kombinerer norsk folkemusikk med musikalske stilartar frå Karibia og frå cajunfolket i Louisiana. No kjem andrealbumet.
Gruppa Lady Hardanger kombinerer norsk folkemusikk med musikalske stilartar frå Karibia og frå cajunfolket i Louisiana. No kjem andrealbumet.
Lady Hardanger består av vokalist Ingeleiv Berstad, gitarist og vokalist Anne Lise Frøkedal, Olav Christer Rossebø på fele og mandolin og Ingemund Askeland på banjo og munnspel.
Foto: Vidar Landa
I 2014 var gruppa frå Haugesund og Etne på besøk i Lafayette i Louisiana for å studere cajunkulturen på nært hald. Cajun er ei etnisk gruppe i Louisiana med sitt eige musikalsk uttrykk. Faktisk er musikken deira blant dei eldste typane folkemusikk i USA. Då musikaren Stanley Brinks sende gruppa nokre låtar i gåve, vart dei inspirerte til å starte sitt eige band – Lady Hardanger. No er bandet, som har både fele, mandolin, munnspel og banjo, aktuelle med andrealbumet. Her blandar dei cajunmusikken med calypsomusikk frå Karibia og norsk tradisjonsmusikk – ei salig blanding av muntre festlåtar.
– Namnet Lady Hardanger er inspirert av calypsotradisjonen og er i tillegg merkevarebygging av Hardanger. Dei gamle calypsoartistane frå 1930-talet brukte ofte titlar i namna sine – Lord Executioner, Lady Iere og så vidare. Så Lady Hard Anger vart litt skummelt og calypsoaktig. På den andre sida er Hardanger eit uomtvisteleg kvalitetsmerke i Noreg. Vi var overraska over at namnet ikkje alt var tatt. Eg har dessutan slektskap frå Hardanger og spelar hardingfele, fortel vokalist Ingeleiv Berstad.
– De kjem frå ulike band og musikkprosjekt. Kvifor starte eit nytt band?
– For det første er dette det einaste bandet der vi fire spelar samtidig, sjølv om vi overlappar ein del i både Bergen Mandolinband og Frøkedal & Familien. I Lady Hardanger er eg hovudvokalist. Det er også ulike låtskrivarar i alle desse banda.
– Det førre albumet fekk god kritikk. Korleis skil det nye albumet seg frå det første?
– Lost Country skil seg frå det førre ved at nesten alle låtane er skrivne av meg, men vidare har dei funne si form i samspel med resten av bandet. Musikken er i stor grad inspirert av cajun, calypso, oldtime og norsk folkemusikk, musikk vi er glade i. Musikk som siv gjennom og breier seg på nye måtar i desse låtane. Som på debutalbumet har vi også no fått med oss den fabelaktige bassisten Jo Fougner Skaansar. Albumet er spelt inn med ein einaste mikrofon på Rådane i Värmland. Der rigga vi opp studio i ei hytte i skogen og fann ro og spelelyst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.