Kommentar
Flaskepost frå fortida
Denne veka blei Johann Sebastian Bachs verkliste utvida med to nummer.
Bachs orgelstykke «Ciacona i d-moll» (BWV 1178). Foto: Belgias kongelege bibliotek
Foto: Belgias kongelege bibliotek
Måndag fall to nye mosaikksteinar på plass i biletet vårt av Johann Sebastian Bachs (1685–1750) vita og verk. I Thomaskyrkja i Leipzig, arbeidsplassen hans gjennom 27 år, klang der to orgelstykke som har vore tagale i over tre hundre år. Bach var berre kring 18 år då han komponerte desse mellom tre og seks minuttar lange verka av typen chaconne.
For musikarane inneber oppdaginga eit kjærkome tilskot til repertoaret, og for musikkhistorikarane aukar ho kunnskapen om Bachs stilistiske utvikling – om korleis Bach blei til den verdskjende komponisten han er i dag.
Rufsete framføring
Det er ikkje kvar kritikargenerasjon unnt å skriva om ei urframføring av nye Bach-verk. I meldingar av samtidsmusikkurframføringar konsentrerer kritikaren seg gjerne meir om verket enn om tolkinga. Slik lyt det også gjerast her, der det skal dreia seg om kva som kjenneteiknar komposisjonane, og korleis musikkforskaren Peter Wollny greidde å spora dei opp i det kongelege biblioteket i Belgia.
Men for ordens skuld: Det var den renommerte nederlandske dirigenten og organisten Ton Koopman som fekk æra av å urframføra stykka på Bach-orgelet i Thomaskyrkja. Tolkinga hadde den same grevlingaktige energien eg kjenner frå dei tidlege innspelingane hans, med høge tempo og brå vendingar i fraseringa. Men som solist har 81-åringen definitivt sine beste år bak seg. Teknisk var spelet i overkant rufsete – ikkje alle tonar me høyrde, var faktisk av Bach. (Video av seansen finst på YouTube.)
Villbassen Bach
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.