Portrett
Fiskelykke
Anna Fiske teiknar og teiknar. Det er som om barnet i henne ikkje vil slutte å springe ut av handa. Og det ho viser fram, må vere ekte, sjølv om ikkje alle vil sjå det.
Ho har gitt oss bok på bok proppfull av humor, varme og engasjerande kunnskapsformidling, sa Bragepris-juryen 20. november, då Anna Fiske fekk årets heiderspris. Vel heime på Malerhaugen teiknar ho vidare, kvar dag.
Foto: Marita Liabø
At ho skulle skrive bøker, hadde ho aldri trudd. At ein kan leve av å lage teikneseriar, skjønte ho ikkje før etter Konstfack, den statlege kunsthøgskulen i Stockholm. Her møtte ho norske Lars Fiske. Ho hamna i Oslo og blei illustratør og forfattar på norsk. Du skal leite lenge før du finn eit ektepar med fleire teikneserieprisar. I haust fekk han Bokkunstprisen, som ho fekk i 2014. I haust fekk ho Brageprisens heiderspris.
Sverige kan ha det så godt.
– Det var eg som hadde mest lyst til å flytte hit, seier ho og fortel om kowrleis dei fann det gamle trehuset der vi sit, ein firemannsbustad på det som passande nok heiter Malerhaugen, i ei gammalt arbeidarstrok tilknytt ein fyrstikkfabrikk.
Her har to døtrer vakse opp, her bur ein svoger og familien hans, og her jobbar ho, strukturert, i eit kjellarrom fullt av minne. Saker ho har funne langs vegen, i skogen eller i fjæra. Ting ho eller døtrene har laga. Eit velfylt dokkehus frå barndommen i Ängelholm i Skåne. Utan støv. Alt har sin plass. Slik må det vere, seier ho og serverer lusekattar og kaffi i vakre koppar.
– Men det blei tungt, kjem det.
– Eg hadde ingen venner her. Eg blei deprimert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.