Finsk språkuvilje

Helsingfors: Svensk opnar ingen dører, meiner stadig fleire finnar. Kan eit språk verte eit hinder for å snakke med folk?

Publisert Sist oppdatert

Eg er i Helsinki. Eller er eg i Helsingfors? Eg skal til Tampere – eller skal eg til Tammerfors? Den finske jernbana VR veit nok godt at det er dei same byane. Likevel finn ikkje nettsida deira noko samband mellom Helsinki og Tammerfors. Ikkje mellom Helsingfors og Tampere heller. I Finland må ein velje: Anten reiser ein på finsk, eller så reiser ein på svensk.

Finland har to offisielle nasjonalspråk: finsk og svensk. 5 prosent av innbyggjarane i Finland har svensk som morsmål. Likevel må alle skuleelevar i landet ha svensk på timeplanen i minst fem år, og alle offentleg tilsette må meistre begge dei offisielle språka.

Slikt vert det diskusjonar av. Diskusjonar vi kjenner, dei som ligg der og ulmar og liksom aldri bryt ut: Kvifor må vi lære eit språk vi ikkje brukar? Det fører til dårleg moral og dreg ned karaktersnittet unødvendig. Kvifor skal dei få diktere dei mange? Skaper språklova frustrasjon og ulikskapar?

Innbyggjarinitiativ

Eit innbyggjarinitiativ frå foreininga Vapaa Kielivalinta – Fritt språkval – har konkretisert misnøya og lyft henne opp på bordet hjå det finske parlamentet. Eit innbyggjarinitiativ underskrive av 62.000 finnar krev at alle skule­elevar i Finland fritt skal få velje om dei ynskjer å studere sitt andre språk. I tillegg ynskjer dei å fjerne kravet til tospråklegheit blant offentleg tilsette.

Ifølgje forslagsstillarane er grunnen enkel: Ein må skilje mellom behov som samfunnet har for kunnskap i svensk og finsk og individuelle behov for det same. For finlandssvenskar er dei to behova balanserte. For finnar som slit med motivasjonen for å lære seg svensk, er dei det ikkje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement