Film

Hundreåring oppe og går

Den første filmen som vart skoten på Island, føreligg no i ny versjon.

På Skriduklaustur på Aust-Island bygde Gunnar Gunnarsson i 1939 eit enormt hus, teikna av ein tysk arkitekt. Etter berre ni år flytta han og gav heile eigedommen til staten.
På Skriduklaustur på Aust-Island bygde Gunnar Gunnarsson i 1939 eit enormt hus, teikna av ein tysk arkitekt. Etter berre ni år flytta han og gav heile eigedommen til staten.
Publisert

På Island har dei digitalisert den aller første spelefilmen som blei innspela på øya i 1919, Borgslægtens historie (på islandsk Saga Borgarættarinnar). Filmen, som blei laga av det danske selskapet Nordisk Film, kjem i to delar og varer i over tre timar til saman. Han vart nyleg vist på kino i Reykjavik, Akureyri og Seydisfjördur med innlagd pause for påfyll av snacks og drikke.

Filmen byggjer på romanserien med same namn av den islandske forfattaren Gunnar Gunnarsson, utgjeven i 1912–14. Skúli Björn Gunnarsson, leiar for Gunnar Gunnarsson-instituttet, fortel at filmen er ein viktig del av den islandske kulturarven.

– Dette var starten på filmindustrien på Island, og filmen fekk stor utbreiing då han kom. Han blei vist i minst 15 land, og Nordisk Film tente gode pengar på han. I Reykjavik viste dei filmen på kino omtrent annakvart år heilt opp til 1960-talet, lenge med livemusikk. Det vart også laga ein 16 mm-versjon av filmen. På den måten kunne små bygdekinoar rundt om på heile Island setje han opp.

Livsvisdom

Saga Borgarættarinnar handlar om tre generasjonar av ein gammal islandsk familie. Kampen mellom det gode og det vonde står sentralt, og tilgjeving er eit viktig tema.

Romanserien gav Gunnar Gunnarsson gjennombrotet som forfattar. Han kom frå enkle kår på Aust-Island og drog i unge år til Danmark. Han skreiv mest på dansk, men handlinga i bøkene hans er nesten alltid lagd til Island. Bøkene hans selde svært godt i mange land. I Danmark var det gjennom mange tiår vanleg å gje Borgslægtens historie som gåve til konfirmantar, fortel Skúli Björn. Romanen blei halden for å vere rik på livsvisdom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement