JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmKultur

Blod og fjøre

Farsen er ein sprø affære med nok humor til at det ikkje klikkar for meg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei to politimennene slit med å finne ut av mysteriet i Slack Bay.

Foto: Another World Entertainment

2731
20170324
2731
20170324

KOMEDIE

Regi: Bruno Dumont

Mysteriet i Slack Bay (Orig. tittel: Ma Loute)

Med: Brandon Lavieville, Didier Després, Juliette Binoche

På strendene i Normandie går den fattige familien Brufort og samlar blåskjel. Sonen Ma Loute (Lavieville), med pubisbart, spyttar etter bilen med rikmannsfamilien Van Peteghem som kvar sommar kjem og bur i det snasne funkishuset med utsikt til bukta. Fleire turistar har den siste tida forsvunne frå strendene, og den korpulente politisjefen Machin (Després) eser seg meir og meir opp, også bokstaveleg tala, i frustrasjon over ikkje å finna dei skuldige. Dette er så nøktern som denne absurde farsen kan summerast opp. Om det høyrest konvensjonelt ut, tru meg når eg seier at det knapt finst ei konvensjonell scene i heile filmen.

Kanni(tull)bal(l)

Machin og assistent Malfoy vimsar rundt på sandstrendene som ein slags Helan og Halvan med éin hjerne på deling. Alt er eit mysterium for dei, sjølv om det av og til ikkje eingong er snakk om forsvinningar. I dei reelle tilfella klarar dei ikkje å leggja saman at det kan vera lokale innbyggjarar som står bak ugjerningane. Og her blir det verkeleg saftig – med bloddrypande fingrar som Ma Loute og dei andre ungane i familien Brufort tygg i seg på gardstunet. Det næraste eg kjem å samanlikna med noko eg har sett før, er debutfilmen til Ringenes Herre-regissør Peter Jackson, Bad taste (1987). Kannibalismen blir så absurd at ein ikkje på noko vis kan ta det som anna enn hovudskakande humor. Såleis verkar filmen på mange måtar som ei vidareføring av den siste Bruno Dumont-filmen, Li´l Quinquin (2014), for dei som fekk han med seg.

Ikkje «slackt»

Problemet med filmar som tilsynelatande ikkje har anna djupn enn å vera enormt merkelege, er at eg får ikkje så mykje att for berre å sjå rare folk gjer rare ting. Om meininga var å få fram at både rike og fattige kan vera både uforstandige, umiskunnsame og uintelligente, er ikkje det ein banebrytande bodskap. Når det store spørsmålet blir om hovudpersonen skal eta den rike nabojenta i staden for å gjera kur til henne, er konseptet for min del altfor søkt. Likevel ler eg til tider høgt og lenge, særleg over politimeisteren. Om du har sansen for Peter Greenaway, ville eg ha gjeve Mysteriet i Slack Bay ein sjanse, sjølv om han ikkje på langt nær rører meg slik Greenaways filmar gjer. Djupare meining til sides: Mysteriet i Slack Bay er ei vakkert filma øving i galskap, menneskekjøt og humor. Men ikkje sei du ikkje vart åtvara.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Om du har sansen for Peter Greenaway, ville eg ha gjeve Mysteriet i Slack Bay ein sjanse.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis