– Eg hugsar smellet, seier eg først.
Det kom frå langt unna og, trudde eg, frå himmelen, ikkje bakken. Eg hugsar at eg trudde det var tore. At eg tenkte, å, så koseleg med tore, då blir det sikkert torevêr og regn snart. Herleg, hardt, sommarregn. Eg sat i sofaen min, minnest eg, med opne vindauge og såg på Tour de France.
No sit vi på ein benk på Majorstua, Anders og eg, det er tidleg ein fredag i Oslo, veldig tidleg, nesten ubehageleg tidleg, og folka som går forbi, går fort og bestemt. Vil ikkje somle i det kalde vêret.
Anders har litt lenger hår no enn han hadde i filmen Oslo, 31 august. Eg seier eg likar det best kort, som i Oslo 31. august.
– Ja, seier Anders.
– Er du gladare no enn den gongen? spør eg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.