Fiktivt

Publisert

Eg møter Jon på Oslo S. Nede til høgre, kor flytoget går. Og utlandstoga. Og buss for tog. Folk sit i halvstore grupper og drikk kaffi. Koffertar, datavesker, støy. Sola er oppe. Himmelen er open. Vi har ikkje god tid, skjønar eg, men Jon er som alltid når me sest, eit stort, lunt glis.

– Hugsar du sist me stod her, spør eg.

– Sjølvsagt, brummar Jon, eg er daud, ikkje dement.

Så ler me. Godt og lenge. Eg kjenner ei lette spreie seg.

Det er seksten år sidan vi stod her sist. Eller: Eg var han som stod, i bankkø, det var ein bank her den gongen, heller enn Espresso House som no, medan Jon kom i stor fart på meg frå andre sida. Støvfrakken full av vind. Han var openbert på veg, men stoppa da han såg meg.

– Er du på veg, spurde eg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement