Fiktivt
Illustrasjon: Terje Pedersen / NTB scanpix/Dag og Tid
Det er liksom alltid litt ruskevêr rundt Knut Arild Hareide. Somme gongar stormar det, andre gongar er det meir ein flau bris som pakkar inn partileiaren: No om dagen er det av di Kristeleg Folkeparti ikkje er klar på kven dei likevel vil samarbeide med rikspolitisk, og at delar av medlemsmassen ikkje vil at kyrkja skal gifte homofile menneske, og i alle fall ikkje bli vigsla av eit partimedlem.
– Så eg veit ikkje, seier eg, nærast sagt som alltid, seier eg, heilt kor eg skal byrje med deg.
Knut Arild smiler.
– For eg veit jo kor viktig det er ikkje å kome skeivt ut med KrF-arar.
– Ha ha, no ler han også.
– Men det skal vi ikkje, seier han. – Det må vi ikkje, det er jo på mange måtar det som har vore og er poenget med KrF i norsk politikk, å sørgje for at menneske ikkje kjem skeivt ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.